Bondens nettverk

Som gardbrukar har ein eit stort ansvar. Vi veit at det dagleg er mange beslutningar som skal takast, og av og til kan ein oppleve at ansvaret blir for stort.  

Bondens nettverk

Som gardbrukar har ein eit stort ansvar. Vi veit at det dagleg er mange beslutningar som skal takast, og av og til kan ein oppleve at ansvaret blir for stort.  

For alle gardbrukarar kan det oppstå ein situasjon eller ei enkelthending som gjer at det er vanskeleg å handtere alt aleine. Mange har familie, arbeidshjelp og eit godt nettverk rundt seg som kan bidra i ein vanskeleg situasjon, men andre har få å støtte seg til når ting blir vanskeleg. Uansett kor stort eller lite nettverk ein bonde har, så kan det vere god hjelp at det er eit apparat med profesjonelle fagfolk som kan hjelpe bonden i ein vanskeleg situasjon. 

Målet med Bondens nettverk er å gje gardbrukaren ein tryggare kvardag. Gardbrukaren eller andre kan ta kontakt med Bondens nettverk for å få hjelp til å løyse ulike problem og vanskelegheiter. 

Vi er tilgjengeleg for deg - ta kontakt med ein av oss! 

Bondens nettverk
Namn Stilling Telefon
Erling Dagsgard Jordbrukssjef - kommune 90999496
Kristin Smågård Landbruksrådgjevar - kommune 93229458
Håvard Åmot Svestad Psykisk helseteneste Lom og Skjåk 48149062
Ivar Morten Gjellesvik Kommunepsykolog Lom og Skjåk 48165518
Iren Nystuen Rådgjevar i Sparebank1 Lom og Skjåk 41415641
Runa Smedsmo Lom Avløysarlag 90181478
Hanne Elisabeth Bakken Lom Bonde- og Småbrukarlag 48231744
Nataliia Rusten Skjåk Avløysarlag 95499595

Dei som har sagt ja til å stå som kontaktperson på denne lista har absolutt teieplikt overfor tredje person. Det er berre den som ringer på vegne av seg sjølv eller andre, som kan gje tillating til å be om hjelp frå andre instansar.

 

Plakat med kontaktinformasjon er sendt ut til alle som søker produksjonstilskot i Lom og Skjåk. 

Andre nettsider med informasjon om Bondens nettverk og psykisk helse i landbruket:

Kontakt

Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 932 29 458