Søknadsskjema for tilskot til eigenandel ved naturskade

NB: ordninga gjeld kun for gardbrukarar i Lom kommune

Søknadsskjema 

Under finn du søknadsskjema for å søkje tilskot til eigenandel ved naturskade.  Vi bruker tenesten eDialog.  Med eDialog sender du informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn sending med vanleg e-post, og den er enkel å bruke.

Logg deg inn på eDialog (knapp under) og legg inn følgande opplysningar:

  1. Kontonummer
  2. Storleik på eigenandel
  3. Vedlegg: Legg ved vedtak frå naturskadefondet
  4.  Evt merknader:

Legg alle opplysningar (1, 2, 4) inn i feltet «Melding» og last opp vedlegg på knappen «Vedlegg». Hugs også å merke sendingen med .f.eks, «søknad om tilskot til eigenandel ved naturskade»

Logg inn på edialog for å søke

eDialog for sikker sending av dokumenter

Har du spørsmål og/eller treng hjelp, kontakt:

Retningsliner for tildeling av tilskot

Kommunedirektøren føreslår følgjande retningsliner for tildeling av tilskot:

  • Alt areal som det blir utbetalt produksjonstilskot for i februar 2024 kan søkes om tilskot på
  • Veglag som er registrert i Brønnøysundsregisteret kan søke om tilskot.
  • Ein føresetnad for tildeling av tilskot er at søker har fått vedtak om naturskadeerstatning frå Landbruksdirektoratet for skade oppstått i perioden 7. august – 7. oktober.
  • Tilskotet kan dekke inntil 50 % av eigenandel / maksimalt kr 100 000.
  • Eigenandel dokumenterast med vedtak frå Landbruksdirektoratet om naturskadeerstatning.
  • Søknadsfristen er ein månad etter vedtaksdato for naturskadeerstatning.
  • Søknadane blir behandla administrativt i tråd med retningslinene.
  • Utbetaling av tilskotet føreset at naturskada vert retta opp
  • Eigenandeltilskot skal betalast attende viss naturskada ikkje vert retta opp innan arbeidsfristen.

 

Bilde av jordskred på privat eigendom - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496