Prosedyre ved kadaverfunn

Bilde av sau på beite i fjellet - Klikk for stort bildeSau på beite i Skjåk Skjåk kommune

Utmarksbeitet er ein viktig ressurs for landbruket i kommunen, og kvart år blir det sleppt rundt 5500 småfe og 1500 storfe i utmarka. Det blir brukt store ressursar på førebyggjande tiltak for å unngå tap av beitedyr. Landbrukskontoret har eigen vakttelefon i beitesesongen tlf 45323381. Ved funn av daude og skada dyr, observasjonar av rovvilt eller andre hendingar, skal det varslast på dette nummeret.

Prosedyre ved kadaverfunn

  1. Stadfeste posisjon med UTM-koordinatar
  2. Ta gode bilete, både nærbilete og bilete som syner kadaveret i eit litt større område
  3. Heng gjerne opp noko som gjer det enklare å finne kadaveret for rovviltkontakten
  4. Røys gjerne ned kadaveret. Det er ein svært kort tidsfaktor før det kan vera vanskelegare å fastslå dødsårsak
  5. Kadaveret skal i utgangspunktet ikkje røyvast frå der det er funne.

 Varsling ved kadaverfunn/rovviltobservasjonar ol

  1. Meld frå til eigar. (Om ein ikkje veit eigar, noter farge på øyremerker og funnstad og kontakt landbrukskontoret)
  2. Varsle SNO ved lokal rovviltkontakt
  3. Varsle landbrukskontoret sin vakttelefon. Landbrukskontoret varslar vidare og søkjer eventuell skadefellingsløyve

Erstatning for husdyr drepne av freda rovvilt

Det kan søkjast erstatning for husdyr drepne av freda rovvilt der husdyr er dokumenter drepne av rovvilt eller det er sannsynleg at det freda rovviltet er skadegjerar.

  • Søknadsfrist er 1. november

Søknaden blir handsama av Statsforvaltaren i Innlandet

Beitesesongen 2023

Informasjonsbrosjyre frå Statsforvaltaren om beitesesongen 2023 finn du her 

Kontakt

Kari Hånsnar
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 991 62 602