Drenering - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Drenering

Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søkje om tilskot til drenering. Føremålet med tilskotsordninga er å auke kvaliteten på tidlegare drøfta jordbruksjord ved å gi tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. 

Tilskot kan gis til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Planerte areal er unntatt fra vilkåret om at arealet tidlegare skal ha vore grøfta.

Tilskot kan ikkje gis der tiltaket medfører vesentleg skade for anna eigedom og naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining, eller fare for skade på automatisk freda kulturminne. Tilskot kan heller ikkje gis der tiltaket er byrja på før tilskotet er innvilga.  

Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer kr 4000 per dekar. Ved anna grøfting kan det gjevast kr 61 per løpemeter grøft begrensa oppad til kr 4000 per dekar. 

Meir om ordninga finn du på Landbruksdirektoratets nettsider

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496
Pål Skjåk Haugen
Jordbruksrettleiar/Skogbrukssjef
Telefon 909 16 579
Mobil 909 16 579