Regionale miljøtilskot Om tilskotsordninga Dei regionale miljøtilskota skal stimulere til ein auka miljøinnsats i jordbruket utover det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram som beskriv utfordringar og mål for jordbruket på miljø- og klimaområdet. Jordbruket i Innlandet skal oppretthalde eit variert og ope kultur- og seterlandskap, samt bevare og utvikle natur- og miljøverdiane gjennom aktiv skjøtsel og bruk av ressursgrunnlaget. Jordbruket i Innlandet skal drivast miljøvenleg og med god agronomi som tek vare på produksjonsgrunnlaget og reduserar forureining og klimagassutslepp per produsert eining. Tilskotsformåla er definert i eiga forskrift. Desse er mellom anna: Drift av bratt areal Drift av beitelag Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark (gjeld for Bøverdalen og Bråtågrenda) Slått av slåttemyr og slåttemark Skjøtsel av biologisk verdifulle areal Sonar for pollinerande insekt Drift av seter (NB! Minst fire veker per sesong) Skjøtsel av freda kulturminner Skjøtsel av jordbruksareal i seterområder Ingen jordarbeiding om høsten (gjeld kun enkelte vekster) Spreiing av husdyrgjødsel etter definerte vilkår Ugrasharving i åker Klimarådgjeving Alle jordbruksføretak som har rett på produksjonstilskot kan søke på desse, og tilskota blir tildelt etter standardvilkår og faste satsar til alle som tilfredsstiller vilkåra. I tillegg kan organiserte beitelag søke om tilskot til årleg drift, basert på talet på dyr sleppt på beite i utmark. Søknadsrettleiing: Veiledningshefte for ordninga: RMP veileder 2023 Guide til utfylling av søknaden: RMP-Steg for steg Rettleiing i bruk av kartløysinga i søknaden: Kart_veiledning_2019 (PDF, 5 MB) Søknadsfrist: 15. oktober Søknadsskjema og meir info finn du her: Landbruksdirektoratet sine nettsider Statsforvaltaren i Innlandet sine nettsider Sist endret 26.09.2023 12.40