Næringsstrategi

Mandat – Utarbeiding av Næringsstrategi

Mandat – Utarbeiding av Næringsstrategi

Med grunnlag frå kommuneplanen skal næringsstrategien identifisere styrker og utfordringar ved eksisterande næringsstruktur og skissere best mogeleg føresetningar og rammer for et robust, berekraftig og verdiskapande framtidig næringsliv. Næringsstrategi femnar vidt, natur, kultur, skule, helse og kommunikasjon er viktige ingrediensar. Like eins med identitet og engasjement.

Arbeidet skal munne ut i forslag til satsingsområder med nokre hovudgrep for det næringspolitiske arbeidet i Skjåk.

Alle forslag skal leggja til grunn FN sine 17 berekraftsmål.

Føringar for arbeidet

Et breitt medborgarskap skal utvikle eit forslag til næringsstrategi som skal vere hovuddokumentasjon og grunnlag for politisk avgjersle. Strategien skal gje grunnlag for å sikre best mogelege avgjersler for næringsutvikling med konsekvensar for auke i folketalet i åra framover.

Strategiarbeidet skal skje innan rammene av vedtekne utfordringar og mål i kommuneplanen 2017-2028 sin samfunnsdel.

Strategiarbeidet skal utvikle forslag til mål og strategiske tiltak som bidreg til eit framtidsretta, heilskapleg og robust næringsliv i lokal, regional, nasjonal og globalt perspektiv.

Arbeidet skal ha eit langsiktig perspektiv, for åra 2021-2028.

Arbeidet med strategien skal involvere næringslivet i Skjåk.

Strategien skal arbeide innanfor rammene av berekraft, miljøavtrykk og grønare framtid.

Konkretisering av mandatet

Strategien skal utarbeidast med grunnlag frå kommuneplanens utfordringar og mål.

Strategien skal identifisere faktorane som har betyding for næringsutvikling, vekte desse etter viktigheitsgrad og moglegheit for kommunen til å kunne påverke desse.

Strategien skal identifisere og vekte faktorar som kan påverkast av kommunen, for at eksisterande næringsliv skal ha trygge arbeidsplassar, auke i omsetning og tal på tilsette. Vidare gjere Skjåk attraktiv for nyetablering.

Om strategiarbeidet / strategidokumentet:

  1. Strategidokumentet skal kort beskrive no-situasjonen for næringslivet i Skjåk. (Bransjar, tal på tilsette, soliditet, historisk utvikling etc.)
  • I arbeidet med strategidokumentet skal sannsynleg utvikling for dei eksisterande næringane i kommunen vurderast. Vidare skal arbeidet vurdere potensielle og ynskja nyetableringar(bransje) i kommunen.
  • Skjåk sine strategiske fortrinn (varige / midlertidige)
  • Infrastruktur
  • Næringsareal, næringslokalar
  • Det grøne skiftet
  • Digitalisering
  • Dette skal munne ut i eit strategidokument som beskriv strategiske satsingsområder samt organisering av næringsarbeidet i planperioden, 2021-2028.

Alle tiltak skal vere berekraftige og i samsvar med FN sine klimamål.

2. Referansegruppe

Formannskapet er referansegruppe for strategiarbeidet.

3. Organisering av arbeidet

Kommunedirektøren prosjektorganiserer arbeidet, som skal leiast av ein prosjektleiar. Det er viktig med ein brei og representativ involvering, der både næringslivet og innbyggjarane har høve til å ta del og påverke arbeidet med strategien.

Kommunedirektøren rapporterer jamleg til referansegruppa.

Rapporteringa inneheld:

  • Gjennomførte aktiviteter og resultat av disse
  • Pågåande aktiviteter og diskusjonar
  • Planlagde aktiviteter for resten av utredningsperioden

I arbeidet med næringsstrategien nyttar kommunedirektøren kompetanse frå eksterne fagmiljø. Dette vil kunne bidra til å utfordre administrasjonen, politikarane og næringslivet til å løfte fram nye idear og stille spørsmål med tradisjonelle oppfatningar. Vidare vil den eksterne kompetansen verte brukt til å samanhalde forslag og idear mot erfaring, forsking og dokumentasjon på verkemiddel som gir effekt. Dersom det i arbeidet vurderast at det er behov for særskilte utgreiingar med omsyn til tall og prognoser etc. vil prosjektgruppa, innanfor tildelt budsjett, foreta slike bestillingar.

Vidare ser kommunedirektøren nytten av å bruke den eksterne ressursen som innleiar i både arbeidsmøte, politiske møte og i møte med næringsliv.

4. Aktivtetar / Framdriftsplan

 

5. Kostnadar

Ein vil nytte eit ekstern fagmiljø som diskusjonspartner i arbeidet.

Det vil vere naturleg at prosjektgruppa og referansegruppa hentar inspirasjon gjennom å besøke ei kommune som med målretta arbeid har lukkast med næringsutvikling og auke i folketalet.

Prosjektgruppa kan fordele om postane i budsjettet innanfor total budsjettramme.