Tilskot frå næringsfondet i Skjåk kommune
Skjåk kommune sitt næringsfond kan gi økonomisk støtte til tiltak som styrker næringslivet, landbruket, samfunnsutviklinga og arbeidet med grøn omstilling i kommunen.
Tilskot kan gjevast til både etablerte verksemder og nyetableringar, samt til prosjekt som har tydeleg nytte for lokalsamfunnet. Det er eit krav at verksemda er lokalisert i Skjåk, eller har hovuddelen av verksemda si i kommunen.
Søknad om tilskot skal sendast før prosjektet blir sett i gang. Det blir lagt vekt på at søkjar også vurderer og søkjer andre relevante støtteordningar.
Søknader blir vurderte ut frå mellom anna samfunnsnytte, utviklingspotensial og bidrag til busetnad og sysselsetting. Næringsfondet gir ikkje støtte til ordinær drift eller tiltak av vedlikehaldsmessig karakter.
Nærare informasjon om kven som kan søkje, kva det kan søkjast støtte til og korleis søknadsprosessen er, finn du i vedtektene for næringsfondet.

Reviderte næringsfondsvedtekter_2025 (PDF, 648 kB)