Invitasjon til arbeidsgjevarar: Karrieredagen 4. februar 2026 - Skjåk kommune

Invitasjon til arbeidsgjevarar: Karrieredagen 4. februar 2026

Onsdag 4. februar 2026 samlar vi arbeidsgjevarar, jobbsøkjarar og elevar til stillingsslepp, lærlingsslepp og jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta. Her får du som arbeidsgjevar sjansen til å vise fram ledige jobbar og lærlingplassar – og møte framtidige medarbeidarar ansikt til ansikt.

Karrieredagen 4. februar 2026

Karrieredagen er eit felles arrangement for arbeidsgjevarar, jobbsøkjarar og elevar i Nord-Gudbrandsdal. Målet er å gjere rekruttering enklare og synleggjere moglegheiter i regionen. Dagen består av tre hovudelement:

  • Stillingsslepp: Felles utlysing av ledige stillinger i Nord-Gudbrandsdal
  • Lærlingsslepp: Same konsept som stillingsslepp, men for lærlingplassar.
  • Jobbmesse: Ein fysisk møteplass på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta, der arbeidsgjevarar kan ha stand og møte kandidatar ansikt til ansikt.

Program for dagen

  • Stillingsslepp og lærlingsslepp: Kl. 12:00 
  • Jobbmesse: Kl. 12:00–14:00 kan arbeidsgjevarar møte arbeidssøkjarar og elevar på stand.

Slik deltek du som arbeidsgjevar:

  1. Legg inn di stilling/lærlingplass på www.komtiloss.no frå 7. januar. Kontakt næringssjefen i din kommune dersom du treng hjelp. 
  2. Du kan delta med stand på jobbmessen, meld deg på til Merethe.olstad.sylte@nav.no så snart som mogleg. 
  3. Har du spørsmål? Kontakt prosjektleiar Stian Høglien i Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal: stian.hoglien@regionkontoret.no eller tlf. 988 33 723. 

Alt er gratis for arbeidsgjevar, det er opp til deg om du vil delta på eit eller fleire arrangement.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal, NAV, Karriere Innlandet Gudbrandsdalen, Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, Gudbrandsdal næringsforeining og ni opplæringskontor

 

Invitasjon til karrieredagen 2026