Sommarjobbprosjektet - Skjåk kommune

Sommarjobbprosjektet

Er du mellom 14 og 18 år og ønskjer sommarjobb?
Her finn du ei liste over lokale bedrifter som deltek i sommarjobbprosjektet 2026. Du tek sjølv kontakt med dei bedriftene du ønskjer å søke hos.

Sommarjobb er ein fin måte å få arbeidserfaring, lære noko nytt og bli kjent med arbeidslivet i Skjåk.

 

Om sommarjobbprosjektet

Skjåk kommune gir tilskot til bedrifter som vil ta inn ungdom som ekstra arbeidskraft i sommarsesongen. Tilskotet er på inntil kr 1 500 per vekesverk, og ordninga gjeld for ungdom mellom 14 og 18 år. Tilskot blir ikkje gitt for eigne born.

Sommarjobbprosjektet i Skjåk har eksistert sidan 2003. Gjennom alle desse åra har lokal ungdom fått moglegheit til å lære kva det vil seie å vere arbeidstakar. Dei får også moglegheit til å bli kjende med næringslivet i Skjåk. Dette er nyttig for å skaffe seg erfaring med kva det vil seie å arbeide, og for å bidra til å finne retning for ei mogleg utdanning. For bedriftene er det ei marknadsføring av bedrifta som kan føre til rekruttering seinare. Bedrifter som tek imot ungdom har eit viktig ansvar for å ta godt vare på og lære opp ungdommane når dei blir introduserte for arbeidslivet.

Kontakt

Kristin Smågård
Konstituert næringssjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 932 29 458