Bedriftsportrettet - Skjåk Regnskap AS

Næringskontoret og ordføraren inviterte seg inn til Skjåk Regnskap AS for ein prat om kva som rører seg innafor regnskapsbransjen. Det var så vidt vi slapp inn ein liten tur for ein prat med dagleg leiar, Jostein Hole, som overtok selskapet i 2002. Her er dei tilsette vant til å forhalde seg til fristar, og ikkje rote vekk tida på unødig prat. Etterjulsvinteren er ei særs travel tid.

Autorisert regnskapsførarselskap

Skjåk Regnskap AS er eit autorisert regnskapsførarselskap med sju tilsette, og ei stadig veksande kundemasse. Etter det Hole opplyser, ønskjer dei å halde seg på dette nivået. Dei tek for det meste på seg lokale kundar heretter og før vårt besøk sa han nei til eit firma i Stavanger. Regnskapsbransjen er ei pressa bransje der ein tevlar om marknaden i heile verda. Når vi spør om kva som er grunnen til at det er slik etterspurnad etter tenestene til Skjåk Regnskap AS, svarar Hole at det går på kjennskap, venskap og pris. Vi har ein mistanke om at det går på korleis tenestene blir utført og, men dette ønskjer ikkje Hole å kommentere.

20-30% av regnskapa er innafor landbruket. Resten er for anna næringsverksemd og private. Attåt regnskapa, er bedrifta med på skøyteskriving og økonomisk rådgjeving.

Vi ønskjer bedrifta lykke til vidare. Så får vi sjå kor lenge det går før dei er enda fleire tilsette i Skjåk Regnskap AS.