Bedriftsportrettet- AURA GRIS AS

Bedriftsportrettet- AURA GRIS AS

Skjåkgrisen er verdskjent. I 1950 tok ivrige grisebønder til med veging og spekkmåling av gris. Dette for å avle fram ein betre gris. Etterkvart vart det fyrste svineavlslaget i Noreg danna i Skjåk. Ivar Kummen, nestleiar i styret, har vore med på heile griseeventyret i bygda. Han og Aksel Bjørnstad I Aura Gris tek imot besøk frå næringskontoret og ordførar med opne armar. Dei er akkurat ferdige med styremøte og byr på kaffi og wienerbrød, baka av styreleiar Bjørnstad.

Styreleiar Aksel Bjørnstad  

Aksel Bjørnstad som tidlegare var veterinær  i Lom og Skjåk var hjernen bak ideen om å starte. Når det tok til å bli vanskeleg å drive med gris og fleire og fleire slutta, spurde grisebøndene veterinæren sin til råds. Kva skal vi gjera med Skjåkgrisen? Start purkering svara veterinæren, og slik vart det.

20 års jubileum i år

Aura gris AS er ein purkering som starta i 2000 og såleis har 20 årsjubileum i år! Dessutan er dei i år kåra til Noregs beste purkering for 5 gong! Det lyser engasjement og kledeleg beskjeden stoltheit av båe karane når vi gratulerer med fenomenal innsats. Dette gjer seg ikkje sjølv!   

Kva er ein purkering?

Purkering er eit driftsopplegg i landbruket. Ein produsent med ei større besetning purker leiger ut høgdrektige purker til mindre produsentar for smågrisproduksjon eller slakteproduksjon. Produsenten med den store besetninga fungerer som nav i ringen og oppdrettarane fungerer som satellittar. Purkene er det navet som eig. Navet kan vere ein gardbrukar eller som hjå Aura gris eit aksjeselskap. Grisungane er eigd av bonden som får dei og fôrar dei opp. Når grisungane er avvendt, går purka attende til navet for å bli inseminert på nytt.

Kvar deltakar i purkeringen har sjølvstendig ansvar for økonomien i drifta. Difor er ein purkering ikkje betrakta som samdrift. Likevel gjev driftsforma ein stordriftsfordel og ei rasjonalisering ved at smågrisproduksjonen ikkje er blanda saman med purkene i deira drektigheitsperiode. Dermed er det mogleg for navet i purkeringen å ha langt fleire purker enn det elles ville vore mogleg å ha. Satellittprodusentane kan spesialisere seg på smågrisoppdrett og treng ikkje bruke tid på stell av purkene utanom fødsel og ammeperiode.

Svineprodusentane var dei fyrste som lukka fjøsa sine for uvedkommande. Det er mange sjukdommar som kan ramme grisen. Det kan vere svært alvorleg og det er ikkje lenge sia Kina måtte slå ut 50% av all grisen sin på grunn av afrikansk svinepest. I verneutstyr på bilete: Vidmantas og Janina Valantiniene, ordførar Edel Kveen, Ivar kummen og Aksel Bjørnstad. Skjåk kommune     

Drifta i Aura gris

I Aura gris er det eit nav som eig 1000 purker som dei leiger ut til 17 satelittar. To av satelittane har tilhald i Skjåk, ein i Lom, to i Vågå og to i Lesja. Resten held til på nordvest landet.

  • Tre veker før grising vert purkene sendt til satelittane.
  • Dei grisar og smågrisen går saman med mora i 5 veker.
  • Så blir purkene henta inn att til navet og inseminert på nytt etter 4-5 dagar.

Janina Valantiniene er dagleg leiar i navet. Ho og mannen hennar, Vidmantas, er begge veterinærar og kjem frå Litauen. Der hadde dei begge lang erfaring frå griseproduksjon med besetningar på opp mot 25 000 grisar. Dei kom til Aura gris i 2011. I tillegg til dei to er det ein litauer til som arbeider i navet. Dei tilsette får berre gode skussmål frå Aksel og Ivar, som presiserer at dei gode resultata kjem av det gode arbeide dei tilsette gjer. Når ein har ansvaret for så mange dyr, er det alfa omega å vere systematisk og nøye. I skrivande stund kom Ståle Bøje innom. Han har vore styreleiar i Aura gris i mange år og han også understrekar kor viktig dei tilsette er for at ein skal få til gode resultat i ein purkering.

Fôringa er automatisert og det er kraftfôr og myse som står på menyen. I tillegg får dei noko halm når dei kjem heimatt frå satelittane. Det praktiske arbeidet går ut på å reinske, strø, sjekke brunst og inseminere. 

Det er Otto Skjåkødegård som tek seg av transporten av purkene til og frå purkeringen. Han driv eige transportfirma og alle som har sett Otto i aksjon, veit at han har godt handlag med dyr. Transporten er såleis i dei beste hender.

Verdas beste gris!

Navet treng å få rekruttert purker frå ein stad. I Skjåk er ikkje dette noko problem. Her har vi svineprodusentar som har drive med svineavl i snart ein mannsalder og leverer verdas beste gris!

Verdas beste gris i Skjåk! Her i Skjåk har vi svineprodusentar som har drive med svineavl i snart ein mannsalder og leverer verdas beste gris. 

Det er Ola og Kristen Aanstad og Mona og Kjell på Grimstad som har foredlingsbestninger på svinerasa, Landsvin. Tore Rune Kummen og Anita Tråstad parar landsvin purker med rasa Yorkshire og har såleis formeringsbesetningar. Desse purkene blir levert til mellom anna Aura gris. Denne hybridpurka er nå ein vinnar i store delar av verda. Purka vert kalla TN70 og er 50% Norsvin landsvin. Når Janina parer purkene i Aura gris brukar ho rasa Duroc. Dette gjev ein robuste grisungar med god tilvekst og helse. Resultatet pr purke i Aura gris er 31,3 avvente pr purke! Dette er eit fenomenalt høgt tal og resulterte i at purkeringen i Skjåk vart kåra til den beste i landet for 5. gong.

Norsvin på Hamar

Norsvin SA er eit samvirkeforetak eigd av 1 500 norske svineprodusentar. Norsvins viktigaste oppgåver er forsknings- og avlsarbeid, produksjon av rånesæd til kunstig sædoverføring, utvikling og formidling av fagkunnskap, næringspolitikk og informasjonsarbeid. Verksemda er medlem av interesseorganisasjonen Norsk Landbrukssamvirke.

I 2019 selde Norsvin om lag 400.000 doser med rånesæd, med om lag 2 milliardar sædceller i kvar dose. Rånesæden blir brukt til inseminering av purker. Gjennom det internasjonale selskapet Topigs Norsvin som Norsvin er deleigar av, er dei tilstade i meir enn 50 land i verda. Målfrid Narum, fagsjef i Norsvin, seier at mykje av årsaken til suksessen er det flotte landsvinet som har ei lang historie i Skjåk. Ho tykker at dette gjer det ekstra moro at Aura gris toppar statistikken. Ivar fortalde at dei har vore både i Canada, Taiwan og Malaysia og helst på grisar som opprinneleg kjem frå Skjåk.

Ein typisk Auragris! 

Aksel Bjørnstad fortalde om korleis sjølve sædtappinga går føre seg. Rånen stig opp på ei fiktiv purke med ein kunstig skjede med lunka vatn. Rånen må ha massasje for å få utløysing og dette er det røktaren som tek seg av. Han masserer ut sæden. Kvar tapping utgjer om lag 40 dosar og desse blir tilsett ei fortynningsvæske som gjer at sæden varer i ei veke.

Helse er særs viktig

Svineprodusentane var dei fyrste som lukka fjøsa sine for uvedkommande. Det er mange sjukdommar som kan ramme grisen. Det kan vere svært alvorleg og det er ikkje lenge sia Kina måtte slå ut 50% av all grisen sin på grunn av afrikansk svinepest. 

Bakdelen med at fjøsa er lukka, er at produksjonen blir framand for folk flest. Det er mange grisebønder som har tatt tak i dette og sender filmar og bilde over sosiale media for å informere forbrukarane om korleis dei driv. Dette er viktig for å heve kunnskapsnivået på korleis maten faktisk blir produsert og ein måte å unngå smittespreiing av farlege sjukdomar.

"Ikkje forstyrr. Eg et!"    

I fleire tiår har landbruket i Noreg valt motsett strategi enn den internasjonale utviklinga, der antibiotika vert delt ut som sukkerty til friske dyr. Forfattaren av boka "Krigen mot bakteriene", Erik Martiniussen, hevdar i ei uttale at " en dødelig miks av resistente bakterier og koronavirus kan vere årsaken til de høye dødstallene i Italia"..

Økonomi

Økonomien i svineproduksjonen har svinga til alle tider. Dette har bøndene lært seg å leve med. Når det gjeld purkeringen er det smågrisprisen som avgjer økonomien. I 2018 gjekk Aura gris i minus, men nå har dei kome seg opp att. Styret har investert noko i aksjefond og dette gjekk også godt i fjor. Dei er forretningsfolk til fingerspissane også, desse karane. Dei har og nyleg bygd på for om lag 2,7 mill og utvida med om lag 300 m2. Det er og eit bevis på at det går godt for Aura gris også økonomisk.

Å henge over bingen

Vi fekk lov å koma inn å sjå på anlegget og helse på grisen i purkeringen. Å henge over bingen saman med så kunnskapsrike folk er stas for ein husdyrbrukar og tidlegare grisebonde. Så jamne og fine purker skal ein leite lenge etter. Her var alle tusen purkene i godt hald og rolege og tilfredse. At det går an!

Det er ei anna tid enn når det var purker på kvar gard og purkene vart køyrde til rånen for å bli para i ei purkekasse bakpå traktoren. Aura gris er svineproduksjon som er rigga for framtida!

Tusen takk for at vi fekk koma og lykke vidare.

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702