Bedriftsportrettet - Micas Design & Trykk AS

Marianne Stensgård Nå kan vi endeleg ut på bedriftsbesøk att! Og fyrst ut er Micas Design & Trykk AS.

Bedriftsportrett- Micas Design & Trykk AS

Micas Design & Trykk er på flyttefot og tok godt imot Skjåk kommune midt i innflyttinga i heilt ubrukte lokalar i industrivegen 33 i Skjåk næringspark. Det er lenge sia bygget i svingen i industriområdet vart bygd, men det har altså ikkje vore i bruk før no. Micas har vakse seg ut av lokala ho hadde på snikkeriet og er svært glad for at ho nå får betre plass.

Monica fortel at ho kjem frå ein familie som har drive mykje med husflid av mange slag. Mormor i Lofoten lærte ho å bruke symaskin. Etter å ha gått arbeidsledig ei god stund, bestemte Monica seg for å starte eiga bedrift her i Skjåk. Ho fortel at det og er dotter henna, Astrid, bidrog til at ho etablerte denne bedrifta. Monica såg eit behov for eit merke på bilbeltet til folk som ikkje har språk. Dersom ulykker skulle skje når dei var ute køyrte, kunne hjelpemannskap lettare hjelpe ho.

Ho kjøpte ei broderingsmaskin til å produsere opp bilbeltemerker i september i 2016. Etter jula ringte bror hennar og lurte på om ho ville overta klistremerke og T-skjorteproduksjonen som han hadde halde på med. Slik vart det og bedrifta vaks fort ut av kjellaren heime på Sygard i Bråtå. På same tid gjennomførte Monica etablerarkurs i regi av Skjåk kommune. Ho seier at ho hadde særleg nytte av det ved at ho fekk viktige kontaktar og nettverk å spele på seinare. Nå vert det produsert det meste av reklamemateriell i denne bedrifta. Ho trykker og broderer på ulike materialar og effektar, alt frå caps og t-skjorter og andre klede til handklede, koppar og ulike bruksting. Ho har og skaffa seg utstyr til å produsere opp rollups. 

Monica var av dei fyrste som fekk etablerarstipend i Skjåk. Dette ser ho på som ei anerkjenning av bedriftsideen hennar, og at det er godt å vete at det er nokon som støtter opp under forretningskonseptet og at dette er liv laga.

Det har og vore gjeve støtte frå næringsfondet til maskinane som ho har investert i etter kvart som behovet for betre og meir avansert utstyr har meldt seg. Denne ordninga får ho ikkje fullrost nok. Det har vore avgjerande for Monica at ho har fått denne støtta og tilliten frå Skjåk kommune. Ho synes og at det er bra at det vert stilt krav til dei som mottek særleg stipend, slik at det ikkje blir for lettvint å ikkje prøve ut ideen sin heilt og berre ta imot lettvinte pengar. Monica sine kollegaer andre stader i landet, lyftar fram Skjåk som ein god kommune og etablere seg i.  Dei seier at det ikkje finst liknande ordningar der dei høyrer til.

Mekanisk utdanning har Monika i botn, og ho er ikkje redd for å skru på maskinane sine om noko går gale. Det er både kjekt og økonomisk å kunne ta support sjølv. Heile familien deltek i drifta til Mica's Design og Trykkeri. Morten har snikra hyller til lageret og bidrege godt til at dei nye lokala blir tilpassa drifta. Sonen, Sigurd, serverer kake og kaffe til Ordføraren og underteikna. Han likar godt å vere med mor si på arbeid.

Vi utfordra Monica på kva ho ynsker at kommunen skal ta tak i. Ho etterlyser ein oppdatert skiltplan med skiltmalar for bygda. Ho seier at ho er glad i fletta og ser at den er godt implementert i bygda og hjå mange bedrifter. Sigurd ramsa opp kva dei ulike fargene i logoen står for og visste at flettemønsteret er henta frå ein stav som vart funne under Lendbreen. Desse stavane er laga i gigantform og står mellom YX og kjøpesenteret. I spørjeundersøkinga til omdømme og næringsstrategien kom det fram at mange meinte at det er for lav kjennskap og kunnskap om Skjåk. Monica kan i den samanhengen bidra med å lage profileringsartiklar for å støtte opp under dette. Ho meiner at vi alle er avhengige av kvarandre i Skjåk og at vi må prøve å bruke tenestene frå kvarandre så langt det går. Det blir ikkje like mykje vekst i Skjåk av å handle frå Kina, seier ho.

For Monica sin del har etableringa vore "Learning by doing" og ho går med ein draum om å ta fagbrev som designar. Ho har det ikkje travelt, seier ho og meiner at det er viktig å byggje stein på stein. Vi ynskjer Monica lykke til vidare med drifta og gratulerer med nye flotte lokalar!

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702