Bedriftsportrettet- Nordigard Ramstad

Klikk for stort bilde

1 million egg i året

På solsida på Ramstadstrondi i Skjåk ligg ein gard som ikkje er som andre gardar i Ottadalen. Her høyrest hanegal frå ein forvilla hane og korg på korg med kvite, vaska og delikate egg møter representantane frå Skjåk kommune da Gudrun og Odd Joar Ramstad tek i mot på garden Nordigard Ramstad. Nå når det stundar mot påskehøgtida, kva er meir naturleg enn å ta ein tur til denne garden som ligg så vakkert til med utsikt over Ottaelva og heile austre delen av dalen.

I 2016 gjekk ekteparet over frå sauehald til høner. Dei overtok eit anlegg frå eit bruk i Gudbrandsdalen som var i ferd med å bli nedlagt, og dei har investert mykje i både fjøs og anlegg der det i dag er i underkant av 4000 høner.

Egga som nå både lokalt og regionalt er kjent under namnet Gudbrandsdalsegg, har fått føt å gå på. Dei sel egg gjennom Gudbrandsdalsmat, men også i salsbuer ved Ånstad og på Vågå. Jamvel delikatessebutikkar som Jacobs på Holtet og Majorstuen og Meny CC Vest i Oslo. Attendemeldingane er svært gode.

Det ligg mykje arbeid i ein slik produksjon, mykje er handarbeid. Egga kjem frå verperiet gjennom ei produksjonsline og blir vaska. Sidan vert dei lagt ut på ei plate, der dei blir sortert etter vekt og storleik, deretter blir dei pakka i eigne kartongar. Desse er det Merete Dagsgard, grafisk designer i Skjåk som har laga framsida på. På baksida står det handskriven produksjonsdato for alle dei pakka egga, slik at forbrukaren kan vere garantert at egga har den kvaliteten dei skal ha.

Gudrun og Odd Joar brukar kraftfôr til hønene som dei har sett saman sjølve, og som gjev eit særleg høgt næringsinnhald. Dette er nok noko av grunnen til at kvaliteten på egga blir så god, seier dei.

Omsetnaden i kroner er om lag 2,5 mill kroner (2017). Men det stoppar ikkje med dette. Paret vil nå auke produksjonen, og utvide bestanden til 7 500 høner. Dette vil gje Skjåk-egga ein enda større marknadsdel.

Ei krone av kvar kartong dei sel går til Kirkens bymisjon. Pengane er øyremerka til sosiale tiltak for ungar og ungdom som kjem frå heimar med dårleg økonomi.

Ekteparet på Nordigard Ramstad gjer Skjåk kjent i vide krinsar for egga sine.

Det boblar av energi rundt paret. Gudrun har med hjelp av Odd Joar fått realisert ein draum om å etablere ein gamaldags landhandel. Dei har fått tak i ei gammal tømmerstue, som er innreidd som ein landhandel på starten av 1900-talet og framover. Her kan ein få kjøpt krydder, kaffe, te, bakst, drops og konfekt og andre godsaker. Stua er full av gamle klenodiar som Gudrun har funne på nettet, auksjonar og andre plassar der slik er å oppdrive. Her vil ho ha pub (landets minste gardspub) i sommar, ho vil servere kaffe og eigenprodusert bakst (som vi fekk smake på), og det vil kunne bli ein stemningsrik samlingsplass for både lokale og tilreisande.

Det skal etter kvart bli mogleg for folk å overnatte på garden. Dei ser for seg at barnefamiliar og andre kan kome og bu på garden og vere med å sjå korleis eggproduksjonen går føre seg.

Det er berre å konstatere – idérikdommen, arbeidsinnsatsen og viljen til å satse er stor hjå ekteparet på Ramstad. Om du vil kjøpe egg eller ta ein tur på kafè – Ramstad gard er verd eit besøk.

God påske!!!

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde