Bedriftsportrettet- Skjåk Synssenter AS

Håvard Holø har etablert seg i flotte lokalar på Skjåk Kjøpesenter.

Skjåk Synssenter AS er eit nytt tilskot på stamma av bedrifter i Skjåk. Håvard Holø har etablert seg i flotte lokalar på Skjåk Kjøpesenter, og har drive verksemd der sia 4. juli i 2017.

Holø er utdanna optikar frå den einaste skulen i landet som tilbyr denne utdanninga. HSN -Høgskolen i Sørøst Norge - Optometri og synsvitenskap på Kongsberg. Etter det har han jobba i Oslo, Vågå og Lom. Næringsavdelinga var nyleg på besøk for å høyre korleis det går med etableringa.

Kvifor Skjåk?

På spørsmålet om  kvifor han valde Skjåk som arena, svarar han at han heile tida har hatt eit ønskje om å skape noko i heimbygda si. Han ser på seg sjølv som «ein i overkant ihuga skjåkpatriot», og har heile tida hatt eit ønskje om å skape sin eigen arbeidsplass og gjerne arbeidsplassar for fleire. Han ser det og som ein fordel at han berre kan slenge seg på sykkelen når han skal til å frå arbeid. Etter mange år med lang arbeidsveg, set han dette høgt.

700 pasientar sidan 4. juli

Vi har fått enormt mykje gode attendemeldingar på at det har vorte optikar i Skjåk. Vi har så langt hatt 700 pasientar innom sidan vi starta og dei kjem både frå vestlandet og frå heile Gudbrandsdalen. Ofte er det slik at ein er knytt til optikaren sin slik ein er knytt til doktoren sin. Det kan ta tid å opparbeide eit tillitsforhold. Etter næringskontoret sine begrep høyres det ut som eit særdeles høgt tal for ei nystarta bedrift! Synssenteret er med i ei kjede som medlemmane eig sjølve og slik har dei skaffa seg gode avtalar. Netthandel har vorte ein stor konkurrent for optikarar, særleg på kontaktlinser. Dei fleste trur at netthandelen kan tilby dei beste prisane, men dette er direkte feil, seier Håvard. Vi er kan tilby kontaktlinser billigare og i tillegg veit ein kva ein får.

Godt samarbeid med doktorane

Doktorkontora i Lom og Skjåk er viktige samarbeidspartar. Augeproblem har alltid fyrste prioritet hjå doktorane, men ikkje alle doktorar kan så mykje om auget. Det har vore fleire hendingar der doktorane sender pasientar rett hit for å sjekke kva som er gale med eit auga. Pasienten kan kome fort til behandling og kanskje unngå ein tur til Elverum sjukehus, som er det næraste sjukehuset som har helgevakt på augeproblem. Holø har ekstra utdanning innan diagnostisering, som han ofte har nytte av.

Fleire tilsatte og fleire bein og stå på

Håvard har allereie utvida arbeidsstokken sin. Merete Aaboen jobbar i butikken og hjelper mellom anna til med finne og tilpasse innfatningar. No i helga har dei vore på messe for å kjøpe inn nye innfatningar. Det er som vi veit ei eigen mote på briller. Mange vil helst ikkje at brillene skal synes, medan andre gjerne brukar trendy og tøffe innfatningar. Briller kan heilt klart vere med å forsterke identiteten din, seier Merete som jobbar som frisør to dagar i veka. Mor til Håvard stiller også opp som butikkmedarbeidar når det trengs. Dersom det aukar på som det har gjort med pasientar, så kan ein ikkje sjå heilt burt frå at det kan blir fleire tilsette hjå Skjåk Synssenter etterkart. Håvard forhandlar også klokker, armbåndsur og kikkertar. Dette er tilbod som ikkje finst i bygda frå før, men som svært mange av oss brukar. Treng du å skifte batteri i klokka di er det berre å ta seg ein tur innom hjå Håvard og Merete, så fiksar dei det for deg. Dei har også både skibriller og solbriller, så her er det noko for eit kvart behov.

Støtte frå næringsfondet

Næringskontoret handsamar søknadar til Skjåk kommune sitt næringsfond. Skjåk Synssenter er ei av mange bedrifter som har fått slik støtte. På spørsmål om kva det betyr for ein gründer, svarar Håvard at det er svært viktig. Det er mykje kapital som blir bunde opp særleg i starten. Kjeda som Håvard er med i har ikkje vore borti liknande ordningar og skryter av Skjåk for dette. Næringsfondet er ei flott ordning som kan sikre eksisterande arbeidsplassar og vere med å bidra til nye. Utan arbeidsplassar så stoppar alt fort opp i bygda vår. Like viktig som tilskott er det at ein får støtte og oppbacking frå kommunen i ei sårbar fase.

Det er nesten umogleg å budsjettere når ein startar opp slik som eg har gjort. Ein må vere realistisk og audmjuk og bygge stein på stein. Så langt ser det bra ut og regnskapskontoret i 2. etasje er også tilfredse, seier Håvard med eit lurt smil. Elles meiner gründeren at god service er ein av dei viktigaste kriteriene for å lykkast. God service spreier seg fort, med dårleg service spreiar seg enda fortare. Når ein driv næring i ei lita bygd som Skjåk, må ein stå fullt og heilt for det ein gjer.  

Gamalt gjerde

Håvard har ein heilt spesiell panel på nokre av veggane i butikken sin. Det er restane av eit gamalt gjerde som har stått rundt huset til foreldra hass. Det er mange som kommenterer panelet og i sommar var det ofte busslastar med turistar som var innom for å kjenne på panelet og sjekke om det var ekte. Når dei dreiv og pussa opp lokalet og var ferdige med å sette opp panelet var det ei lita fjøl att. Bra berekna.

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702