Bedriftsportrettet- Skjåk Trelast AS

Klikk for stort bildeNamn frå venstre Svein Olav Bersu, Even Gjerdet, Ove Nyhus, Kjell Forberg, Kjell Rune Kjørren, Syver Flatmo, Odd Arne Kirkeby, Amund Gjeilo, Lars Øystein Plassen

Bedriftsportrettet- Skjåk Trelast

Det osar av lang historie i kvar ein krik og krok på Skjåk Trelast, eller «sagen» som dei fleste i Skjåk seier. Her luktar det godt av tre og diesel same kor ein snur seg. Det er litt slitne hus og enorme stablar av trevyrkje i ulike fasongar både inne og ute. Dei vitnar om lange tradisjonar, kunnskap og verdiar innan ei eldgamal næring.

Klikk for stort bildeLars Øystein Plassen

Det er dagleg leiar Lars Øystein Plassen som tek imot oss frå næringskontoret, da vi kjem. Han har vore i sjefsstolen sidan i september 2018. Det er i alt ni tilsette ved Skjåk Trelast og Lars Øystein er desidert yngst. Her er det mange garva karer som har jobba på «sagen» i både 30 og 40 år. Nå luktar dei på å ta inn ein lærling, for å spreie kunnskapen om trelastfaget og kanskje få inn yngre krefter.

Skjåk Trelast AS vart skilt ut frå Skjåk Almenning i 2001. Skjåk Almenning er som kjent den største privateigde eigedomen i Noreg. Det er Almenningen som leverer råvarene til Skjåk Trelast, om lag 4500 m3 sag- og laftetømmer i året. Råstoffet blir skore på sirkelsag/bandsag og naturleg tørka på eigen tomt. Dei tek og imot noko frå privat skog i norddalen. Det vert nytta berre lokalt vyrke i produksjonen. I løpet av eit år blir over 1 600 m³ trelast vidareforedla i høvleriet og produksjonshallen.

God kvalitet

God tilgang på seint veksande furu, som er malmrik, tett og massiv, gjev moglegheit til å produsere berekraftig trelast med ypparleg kvalitet. Malmrik fjellfuru er naturleg impregnert. Produkta frå Skjåk Trelast AS gjev difor eit varig materiale med særpreg.Klikk for stort bilde

Det er tilgangen til furu med ekstra god kvalitet som har gjeve Skjåk Trelast AS grunnlaget for å spesialisere seg på produksjon av ekstra brei furupanel og furugolv.

Det er umogleg å konkurrere på justert trelast, men det er få som slår oss på kvalitet på panel, kledning og golvbord, seier Lars Øystein. Vi er svært heldige med råstoff og vi er inne på det ein kan kalle ein nisjemarknad. Trendane svingar, men ein ser ein oppsving i bruken av furupanel no mot for nokre år sidan.

Økosertifisering og marknadsføring

Lars Øystein har så vidt starta eit arbeid med å miljøsertifisere produksjonen i Skjåk Trelast. Det går i stutte trekk ut på å sertifisere eigenskapar ein seier ein har. Det skal til ein søknadsprosess for å få dette på plass, men han meiner at dette er ein viktig måte å gjere seg enda meir synleg i marknaden.

Skjåk Trelast har også satsa på å synes betre i marknaden på andre måtar. I 2017 vart det laga ny heimeside og DMT vart leigd inn til den jobben. Dei er profesjonelle og held til rett over vegen for oss. Dette har vore eit viktig grep, seier Lars Øystein. Det er fint å bruke folk som kan faget sitt! Vi får med oss ei flunkande ny brosjyre som skal delast ut til interesserte.

Skjåk Trelast er kvart år med på Hyttemessa på Hellerud. Dette er eit fint utstillingsvindauge for bedrifta. Dei tilsette ønskjer seg ei enda breiare samansetting av bedrifter som representerer Skjåk på denne messa. Slik blir Skjåk sett enda meir på kartet, meiner dei. Med dette er utfordringa lagt fram. Kanskje er det ein heil gjeng med skjåkverer som tek åt på neste hyttemesse?

Samarbeid med andre er gull verdt

Samarbeid med andre bedrifter, har synt seg som svært nyttig og lønsamt for Skjåk Trelast.

Bedrifta Vyrk i Valdres er ei av bedriftene som dei har inngått samarbeid med. Dei tek seg av overflatebehandling av panel. Dette er svært populært i marknaden og er eit positivt samarbeid, meiner Lars Øystein.

Skjåk Almenning held på å bygge Skjåk Bio, som er eit biobrenselanlegg som skal levere vassboren varme til mellom anna saga og høvleriet. Skjåk Trelast skal produsere og levere flis til dette anlegget. Bedrifta blir såleis kunde på eigen flis. Det er flisproduksjonen som veks mest nå om dagen, sjølv om det er eit biprodukt avKlikk for stort bilde hovudproduksjonen. Lokal slip og biprodukt frå trelastproduksjonen vert nytta til bakhon, flis og ved. I løpet av 2018 vart det seld rundt 13 900 m³ flis og bark.  Kutterflis og sagflis vert nytta som strø til husdyrproduksjonen i Lom og Skjåk. Bark vert nytta i klatreparkar og leikeparkar.

Ottadalen Massivtre er eit samarbeidsprosjekt mellom Skjåk Almenning, SEBB, Brun Bygg, Langmorkje og Skjåk Trelast. Målet er å nytte malmfuru i elementproduksjon til husbygging. Skjåk Trelast har levert material til prøveproduksjon. Til nå er det gran som er mest brukt til dette formålet. Det blir spennande å sjå om massivtre av malmrik fjellfuru kan bli eit produkt. Satsinga er tidleg ute og eit viktig ledd i det grøne skiftet. Det finst berre tre andre produsentar i Noreg til no. Det er eitt i Begnadalen, Nordisk massivtre i Kongsvinger og eit i Vikersund. Kan hende blir Ottadalen Massivtre eit nytt skot på stamma av massivtreprodusentar i Noreg.

Godt resultat i 2018

Lars Øystein er nøgd med det økonomiske resultatet i 2018. Totalt i 2018 vart det seld omlag 2 180 m³ trelast. Det omfattar alt frå signalprodukt som Skjåkpanel og furugolv til laftetømmer og handbarka åsar. Dei merkar at trenden med furupanel har snudd. Det er hyttemarknaden som er representerer det største kundegrunnlaget. Råvara har vorte dyrare og såleis blir det viktig å få ned produksjonskostnadane. Dei nye investeringane i produksjonsutstyr dei nå står framfor, er såleis særs viktige. Det ser ut til å bli ein hektisk haust for Skjåk Trelast AS. Det skal på plass ein ny høvel og ein ny fres. Dette er ei stor investering som vil auke produksjonskapasiteten.

Næringskontoret ønskjer lykke til med satsinga!