G35 sommar

I sommar blir det levert ut rykande fersk Gudbrandsdalsost til lokale bedrifter i Lom og Skjåk. 

Den 17. mars vart det 10 år sida TINE vedtok å halde fram med produksjon av Gudbrandsdalsosten på TINE Lom og Skjåk. Dette vart markert med ulike aktivitetar. Markeringa synte at Rauosten, som vi seier i Skjåk, har ein stor plass i hjarta til oss nordmenn. Ordførane i Lom og Skjåk, Arne Brimi, Morten Schakenda, konsernsjefen i TINE og mange andre smurde 1000 brødskiver til skuleungane i Lom og Skjåk!

Det kom mange direkte attendemeldingar frå ungane når dei fekk brødskiver frå Bakeriet i Lom med fersk rauost på. Dei takka pent for maten og syns det var knakande godt! Dette er jo sjølvsagt triveleg å høyre! Det er ungane som skal ete Gudbrandsdalsost i framtida og vere gode ambassadørar for dette flotte produktet. Konsernsjefen i TINE, Gunnar Hovland tykte det var så triveleg, at han meinte at vi skulle tilby fersk Gudbrandsdalsost til turistane som besøkjer Lom og Skjåk i sommar. Vi tok han på ordet og tilbyr rykande fersk Gudbrandsdalsost hjå nokre utvalde turistbedrifter i Lom og Skjåk. Vi har tilsett nokre unge damer som vil hente ut rykande fersk ost frå TINE Lom og Skjåk og køyre den ut til bedriftene.

Effekten håpar vi skal vere at:

  • Vi får synt fram at den beste Gudbrandsdalsosten blir produsert der den høyrer heime- i Gudbrandsdalen på TINE Lom og Skjåk, med den lange tradisjonen og spennande historia som osten har.
  • Vi ønskjer å skape lokal stoltheit og bevise at mindre, lokale produksjonsanlegg kan ha den evna som trengs for å drive med høg effektivitet og god kvalitet.
  • Bidra positivt til nordmenn sine ferieopplevingar i området vårt.
  • Promotere strikkeoppskrifta, brunostgenseren som er designa av Kristin Wiola Ødegård. Bøstugu i Skjåk og Fjoset i Lom forhandler garnet til denne genseren.

 

Maje Kjosbakken, Oda Stensgård og næringskontoret i Skjåk skal distribuere osten.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Skjåk kommune, TINE sentralt, TINE Lom og Skjåk og "Lenge leve G-35".