Miljødirektoratet krev at Glasopor AS betaler for opprydding av glasopor

Miljødirektoratet har fremja krav om at Glasopor AS må betale staten sine utgifter til opprydding av glasopor i Ottavassdraget etter storflaumen i 2018

Miljødirektoratet har fremja krav om at Glasopor AS må betale staten sine utgifter til opprydding av glasopor i Ottavassdraget etter storflaumen i 2018. Summen som skal refunderast er på 16,5 millioner kroner.
Dette må sjåast på som eit direkte næringsfiendtleg vedtak. Glasopor kan ikkje lastast for ein tusenårsflaum i den tørraste kommunen i landet som heller ikkje var varsla av myndigheitene

Glasopor er ei miljøbedrift som har sitt på stell når det gjeld offentlege godkjenningar, og driv på offentleg godkjent tomt. Vedtaket syner at desse godkjenningane ikkje er verd papiret dei er skrivne på. 
Glasopor bidreg svært positivt til næringslivet i Skjåk, både når det gjeld arbeidsplassar og ikkje minst ringverknadane som bedrifta fører med seg.
Det kan ikkje vere slik at ei lita bedrift skal måtte ta ansvaret for oppryddinga etter ein slik storflaum. Dette er ei prinsippsak som kan føre til at folk ikkje lenger tør å satse på næring og næringsutvikling i Noreg. Slik kan vi ikkje ha det.