Næringskontoret på studietur til Folven Gård

Eit ønske om å nytte lokale ressursar i Hjelledalen i Stryn til ny verdiskaping har resultert i eit innovativt og framtidsretta prosjekt der dyrking av mikroalgar til mat og fôr står i sentrum. Gründerne bak prosjektet er Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle, også omtalt som "algebøndene". 

Som dei første i verden har bøndene Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle starta algeproduksjon på eige gardsbruk. Gjørven driv eit mjølkebruk i Hjelledalen i Stryn med 25 mjølkekyr, og som mange andre bønder med båsfjøs må han i løpet av dei komande åra investere forholdsvis mykje midlar i ny driftsbygning for å imøtekome krav om lausdrift. For å sikre lønnsemd på garden i framtida og nytte dei ressursane som er tilgjengelege på garden og elles i nærområdet har han saman med nabo Dag Hjelle etablert firmaet Folvengaard AS som skal produsere mikroalgar til mat og fôr. Ved å bruke reint vatn og kraft frå elva som renn gjennom dalen har dei starta dyrking av mikroalgar i rørbaserte fotobioreaktorar. Produksjonslokala er ein gamal låve på eigedomen til Dag Hjelle.

Mikroalgar har eit høgt innhald av protein, samt eit gunstig innhald av stivelse og fettsyrer som omega-3, og kan nyttast både til mat og til dyrefôr. Resultat frå forsking viser at algane kan innehalde opp mot 60 % protein, og på vegen mot eit meir berekraftig landbruk er dette eit interessant alternativ til soya. For å vekse må mikroalgane ha tilgang på vatn, lys, næring og CO2. Gjørven har kome langt i prosessen med å etablere eit biogassanlegg i tilknyting til fjøset, og planen er at dette anlegget skal omdanne husdyrgjødsla frå mjølkeproduksjonen til varme og CO2 som kan forsyne bioreaktorane. Dersom mikroalgane kan brukast som fôr til kyrne har dei dermed etablert det som må vere eit forbilledleg eksempel på sirkulærøkonomisk produksjon av mat – frå dei små bakteriane i husdyrgjødsla til biogass, via mikroalgeproduksjon til dyrefôr, og til slutt mjølk og kjøt til forbrukaren.

Gründarane fekk Landbrukets Innovasjonspris i 2020 for satsinga på mikroalgar. Målet på sikt er at dei skal kunne tilby pilotanlegg for mikroalgedyrking til gardsbruk, prosessindustri, og havbruksbedrifter som ønsker å prøve ut teknologien som dei har tatt i bruk på Folven Gård. Vi gleder oss til å følgje dette inspirerande prosjektet og dei dyktige karane frå Hjelledalen vidare på gründerreisa!  

 

 

 

 

 

 

 

 

NIBIO - alger for fremtiden