Sommarjobbprosjektet 2022

Adobe Stock foto lisens - Klikk for stort bildeSkjåk kommune gjev tilskott til bedrifter som ønskjer seg ungdom som arbeidskraft i sommar.

Skjåk kommune gjev tilskott til bedrifter som ønskjer seg ungdom som arbeidskraft i sommar. Tilskottet er på inntil kr 1500,- pr. vekesverk. Prosjektet gjeld for ungdom mellom 14 og 18 år. 
Målet med prosjektet er at ungdom skal få moglegheit til å bli kjent med næringslivet i Skjåk på ein positiv måte. Ein får ikkje tilskot for eigne ungar. Ein kan ha den same personen i arbeid i kun to år.

Det vert annonsert i Fjuken og på heimesida til Skjåk kommune kva for bedrifter som ønskjer ungdommeleg arbeidskraft og søkjarane søkjer direkte til bedriftene.

Dersom Sommarjobbprosjektet er interessant for dykkar bedrift, ta kontakt med næringskontoret, marianne.stensgard@skjaak.kommune.no innan måndag den 28. mars 2022.
Merk fristen!

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702