FallviltInformasjon om rutinar ved viltpåkjørsel og funn av skada og daudt storvilt. Trafikantar skal varsle politietVed viltulykke skal trafikantar varsle politiet ved å ringe 02800 eller 112. Politiet varslar fallviltgruppa i kommunen som rykker ut til alle tider på døgnet for å gjennomføre ettersøk og eventuelt avlive skada storvilt.Fjerning av daudt vilt som ligg i eller rett ved vegbana er vegeigar sitt ansvar. Gjeld det riks- eller fylkesveg kan ein ringe 175 for å varsle. Daudt vilt som ligg i naturen kan ligge og brotast ned på naturleg måte. Det er også tillate å bruke daudt vilt til åte. Dersom det gjeld hjortevilt eldre enn eit år skal det vere teke CWD-prøve med negativt resultat før det blir brukt til åte.Ynskjer melding om daudt storviltVi ynskjer melding om daudt storvilt som blir funne – ta kontakt med naturforvaltar på tlf: 481 90 145. Viltpåkjørslar og funn av daudt storvilt blir registrert i hjorteviltregisteret. I samband med storviltjakt har jeger og jaktlag varslingsplikt til kommunen i ein del tilfelle. Ta i så fall kontakt med naturforvaltar i kommunen på tlf 481 90 145. Fallviltpersonell i SkjåkFallviltpersonell i SkjåkNavnMobilStad evt annan merknadVAKTTELEFON45 31 20 82Bemanna av og tilOla Løkken971 94 015NordbergOdd Ivar Bakken481 32 974NordbergArnstein Fjerdingren913 57 036SkjåkTor Taraldsrud481 90 145SkjåkKolbjørn Soglo900 64 044SkjåkHans Erik Kveum957 06 787SkjåkMorten Brekkum976 19 134NordbergVidar Vange913 57 038SkjåkTore Eiesar479 60 170SkjåkOve John Plassen474 52 125Skjåk AdobeStock.com Sist endret 15.12.2025 14.48