Klima- og miljøarbeid i SkjåkSkjåk kommune vedtok i juni 2023 ny klima- og miljøplan. Dette er Skjåk kommune sin plan for omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Planen har realistiske målsetningar og strategiar for korleis vi i Skjåk kommune skal klare dette. Klima- og miljøarbeid i Skjåk Klimaendringane er globale, men årsakane, skadane og løysingane finst lokalt. På denne sida vil du få informasjon om alt frå miljøstatus til kva Skjåk kommune gjer for å møte klimautfordringane. Skjåk kommune vedtok i juni 2023 ny klima- og miljøplan. Dette er Skjåk kommune sin plan for omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Planen har realistiske målsetningar og strategiar for korleis vi i Skjåk kommune skal klare dette. Klima- og miljøplanen fungerer som ein sjølvstendig kommunal temaplan som skal brukast som underlag for alle avgjersler som kjem inn på klima- og miljø i kommunen. Klima- og miljøplan for Skjåk kommune 2023-2028 Klimaet og miljøet er i endring Klimaet og miljøet er i endring Det er vitskapeleg dokumentert at den globale gjennomsnittstemperaturen stig, og at nedbørsmengdene har endra seg. Det er også dokumentert at isbreane, havisen i Arktis og innlandsisen på Grønland smeltar. FNs klimapanels femte hovudrapport viser at oppvarminga sidan midten av det 20. Århundret i hovudsak skyldast auka klimagasskonsentrasjonar som fylgje av menneskeskapte utslepp. Kilde: miljøstatus.no Kva betyr klima- og miljøendringane for meg? Kva betyr klima- og miljøendringane for meg? Vi er kanskje ikkje klar over det, men klimaendringane påverkar oss alle, enten vi er gardbrukarar, fiskarar, astmapasienter, eldre, born, bur i by, bur i bygd, om vi går på ski, eller er til fjells. Ekstreme verhendingar som flaum kan øydelegge små samfunn — til og med regionar og land. Heitebølgjer kan forsterke luftforureinsing og forverre hjerte-karsjukdommar og luftvegssjudommar. Stigande havtemperaturar kan bringe heile næringskjeda — og følgjande livet i havet — ut av balanse og føre til enda større press på allereie overbeskatta fiskebestandar. Høgare temperaturar kan også påverke jordbotnen si karbonlagringsevne. Turke og høgare temperaturar kan påverke landbruksproduksjon og auke konkurransa mellom ulike økonomiske sektorar om verdifulle ressursar som vatn og land. I møte med desse konsekvensene, både dei vi allereie har sett og dei som vil kome, har vi ikkje noko anna val enn å tilpasse oss klimaendringane. Klimaendringane er ein av dei største utfordringene i moderne tid. Det er eit globalt problem, og det angår oss alle. Ønskjer du å vite meir ? Miljøstatus.no viser korleis det står til med miljøet, kva som påverkar det og kva vi kan gjere for å sikre eit godt miljø i Noreg. FNs berekraftsmål FNs berekraftsmål Skjåk kommune arbeider aktivt for å møte FNs berekraftsmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringane innen 2030. FNs berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Land frå heile verda har vore aktivt involvert i arbeidet med å utforme måla, og meir enn åtte millionar mennesker har komet med innspel i prosessen. Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behov til menneska som lev i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonars moglegheit til å dekkje sine. Måla reflekterar dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: 1) Klima og miljø 2) Økonomi 3) Sosiale forhald Les meir om FNs berekrafsmål Kvifor skal vi ta vare på naturen? Kva betyr naturen for oss, og har den nokon verdi i seg sjølv? Vi menneske er grunnleggjande avhengig av naturen. Den gjev oss ressursane vi treng for å leve, utvikle oss, bygge og bu. Den gjev oss livsnødvendigheiter som rein luft, reint vatn og mat. Det biologiske mangfaldet har ein eigenverdi, likt som det skapar alle dei funksjonelle økosystemena vi kjenner. Mangfaldet er ein føresetnad for menneskets trivsel og velvere. Alt vi treng for å leve, hentar vi fra naturen. Det biologiske mangfaldet vi har i dag, har utvikla seg gjennom millionar av år. Moglegheit for å ferdast i vakker, vill og uberørt natur med eit variert plante- og dyreliv betyr mykje for trivsel og velvere. Alle artar har si rolle i det økologiske samspelet, og den genetiske variasjon er viktig for å takle framtidige endringar i miljøet. Naturen har ein indirekte bruksverdi som for eksempler at myrer hemmar flaum, regnskog produserar mykje oksygen, sandmorener reinsar vatn. Naturen har ein direkte bruksverdi som kjelde til mat, brensel, medisinar, byggemateriale og klede. Naturens potensielle verdi. Framtida vil gje oss moglegheiter som ikkje er kjent eller utnytta i dag. Dette kan vera både direkte og indirekte verdiar. Publisert 11.01.2023 14.01 Sist endret 29.06.2023 13.17