Klima- og miljøplan

Klima- og miljøplan

Klimaendringane er globale, men årsakane, skadane og løysingane finst lokalt. På denne sida vil du få informasjon om alt frå miljøstatus til kva Skjåk kommune gjer for å møte klimautfordringane. Skjåk kommune vedtok i juni 2023 ny klima- og miljøplan. Dette er Skjåk kommune sin plan for omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Planen har realistiske målsetningar og strategiar for korleis vi i Skjåk kommune skal klare dette.

Klima- og miljøplanen fungerer som ein sjølvstendig kommunal temaplan som skal brukast som underlag for alle avgjersler som kjem inn på klima- og miljø i kommunen.