I Skjåk er utval for vilt og fisk delegert mange av oppgåvene innan viltforvaltning, mellom anna tildeling av fellingsløyver på elg, hjort og rådyr.
Skjåk kommune er inndelt i 2 godkjente vald:
- VALD 1: Skjåk Almenning. Teljande areal 217.000 dekar
- VALD 2: Skjåk Utmarksråd. Teljande areal 67.830 dekar
Jaktrettshavarane i Skjåk samarbeider om ein felles bestandsplan og får normalt tildelt fellingsløyver for tre år. Tildelinga er overordna regulert gjennom minsteareal (areal som skal til for å få fellingsløyve på eit dyr).
Dei siste åra har det vore felt over 100 elg og 100 hjort og i underkant av 50 rådyr.