NB! Nytt starttidspunkt er kl 19. Ope møte om naturbasert flaumførebygging 

Måndag 26. august kl 19.00 i kommunestyresalen.

Invitasjon

Oppland fylkeskommune og Skjåk kommune inviterer til eit ope møte om naturbasert flaumførebygging i Skjåk. Bakgrunnen  er at fylkeskommunen deltar i EU-prosjektet «PHUSICOS», eit forskings- og innovasjonsprosjekt. Prosjektet har som hovudmål å demonstrere korleis naturbaserte løysingar kan tilby robuste, berekraftige og kostnadseffektive tiltak for å redusere risikoen ved ekstreme vêrsituasjonar.

Tanken med naturbaserte løysingar er at naturen i seg sjølv er ei kjelde til idear og løysningar for å minimere risikoen som klimadrivne naturskader står for, og at naturbaserte løysningar kan vere fleksible alternativ til meir tradisjonelle løysningar. Prosjektet kan bidra med delfinansiering, kompetanse, råd og rettleiing.

 

Program

  1. Presentasjon av prosjektet - OFK (15 min)
  2. Presentasjon av aktuelle område som kan vere med i prosjektet - Skjåk kommune (25 min)
  3. Kaffipause (20 min)
  4. Gruppearbeid

    Ordne gruppearbeid, dele grupper etter elvestrekningar, sende ut ei liste der deltakarane kan skrive seg på den elvestrekningen dei representerer, diskusjon i gruppa (30 min)
     
  5. Kvar gruppe presenterer sitt arbeid. Maks fem min pr gruppe (25 min presentasjon)
  6. Oppsummering og val av arbeidsgruppe (30 min)

Vi håpar på god deltaking, og ynskjer velkomne til møtet!
 

Måndag 26. august kl 19 i kommunestyresalen

Møtet er ope for alle utan påmelding. Samstundes er det fint å vite noko om kor mange som kjem. Om du har bestemt deg for å delta er det fint om du sender ein e-post til Tor Taraldsrud:

  • tor.taraldsrud@skjaak.kommune.no 

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145