Reguleringsplan for flaumsikring av Bismo: Planvedtak.

Flaum ved Signegarden Skjåk kommune Kommunestyret i Skjåk gjorde 22.06.2022 i sak 35/2022 vedtak om å godkjenne "Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo" – planid. 34330001. Les meir i artikkel.

Kommunestyret i Skjåk gjorde 22.06.2022 i sak 35/2022 vedtak om å godkjenne "Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo" – planid. 34330001.

Reguleringsplanen bygger på tiltaksplan frå NVE som står for den tekniske planlegginga og prosjekteringa av flaumsikringsanlegga. Formålet med tiltaka i NVE sin plan, er å sikre Bismo sentrum mot flaum i Ottaelva og Skjåkheimen mot flaum i Fjukenbekken. For å oppnå formålet, skal det mellom anna byggast ein om lag 2250 m lang sikring langs Ottaelva beståande av flaumvollar, flaumsikringsmur og drenerings-/pumpeanlegg. Det skal også byggast eit anlegg for inntak og bortleiing av vatn frå Fjuken. I reguleringsplanen er også innregulert ein 3 meter brei turveg som går oppe på flaumvollane og på strekninga mellom desse. Turvegen skal byggast som ein del av anlegget.

Reguleringsplanområdet er på 324,5 dekar og omfattar både areal for framtidige permanente sikringsanlegg, areal for mellombelse anleggs- og riggområder og elveareal. I hovudsak omfattar byggeområdet for flaumsikringsanlegga kommunal eigedom langs Ottaelva. I tillegg vil mindre delar av næringseigedomar og bustadeigedomar bli direkte råka av tiltaket og/eller anleggs- og riggområde.

Reguleringsplanen består av følgjande dokument:

Desse dokumenta er vedlegg til denne artikkelen. Dei som er direkte råka av reguleringsplanen, er varsla i brev.

Ein kan klage på kommunestyret sitt vedtak om godkjenning av planen. Eventuell klage sendast Skjåk kommune innan 3 veker etter kunngjeringa.

Kontakt

Øyvind Pedersen
Arealplanleggar
Mobil 473 33 678