Podcast

Podcasten «Levele- god styring med eigen økonomi », tek for seg ei rekkje tema innanfor feltet økonomi. 

Podcast

Podcasten «Levele- god styring med eigen økonomi », tek for seg ei rekkje tema innanfor feltet økonomi. Om det er sparing, gjeld, budsjett, boligkjøp.

Klikk deg innom episodene nedanfor for å finna ut meir!Podcasten er spelt inn som ein del av prosjektet «Levele», med mange lokale gjestar i dei forskjellige episodene. Sjølve episodene ligg på Fjuken-TV, lenkene nedanfor peikar difor dit. 

Episode 1 - Sparetips

I denne episoden får du servert ti kjappe tips knytt til eigen økonomi.

Episode 2 - BSU

Ingrid Strind frå lokalbanken er på besøk for å fortelja om Boligsparing for ungdom, og dei mange fordelane med å nytta seg av denne ordninga.

Episode 3 - Ord om gjeld

Gjeldsrådgjevaren i NAV, Ragnhild Bakkom tek seg turen innom for å gje enkel forklaring på nokre vanlege ord knytt til temaet gjeld. Veit du kva ein Namsmann er? Sjå på episoda for å få svaret!

Episode 4 - Sparetips II

Ti nye tips til god styring med eigen økonomi!

Episode 5 - Kjøp av Bolig

Kva bør du vera klar over før du skal kjøpa deg bolig? I denne episoden snakkar vi med Ingrid Strind frå lokalbanken som har svar på det ein lurar på når det gjeld kjøp av bolig.

Episode 6 - Pensjon

Korleis fungerar eigentleg dette med pensjon, og kor mykje pensjon kan eg forventa å få utbetalt? Amund Teigen har svart belte i pensjon, og deler kunnskapen sin med oss i denne episoden.

Episode 7 - Dyre forbruksvarer

Har du tenkt over kor mykje pengar du bruker på såkalla dyre forbruksvarer? I denne episoden ser vi litt på kva slike varer kan kosta deg i løpet av eit år.

Episode 8 - Gjeld og økonomi

Ragnhild Bakkom fortel oss litt om kva ein gjeldsrådgjevar kan hjelpa til med. Ho fortel oss og litt om korleis ein bør gå fram dersom ein har mykje gjeld som skulle vore betalt.

Episode 9 - Om Levele Kjem snart!

Svein Holen var med å starta opp prosjektet «Levele - god styring med eigen økonomi». Svein sine tankar knytt til prosjektet og gode tips for å styra økonomien sin får du servert i denne episoden! Kjem snart!

Kontakt

Bjarte Øyjordet Rossehaug
NAV leiar Lom og Skjåk
Telefon 55 55 33 33
Mobil 907 21 954