Startlån

Kan eg få startlån og tilskot?

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad og som heller ikkje har moglegheit for å spare.

Barnefamiliar

  • Du har barn og har økonomiske utfordringar med å skaffe ein eigna bustad.
  • Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
  • Du har problem med å dekke bu-utgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at familien din kan bli buande i bustaden.
     

Mottar trygd/ offentlege ytingar

  • Du har lav, men stabil og sikker inntekt, og får ikkje tilstrekkeleg lån i vanlege bankar.
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.
     

Bustadlåntakarar med gjelds-problem

  • Du har bustadgjeld og annan gjeld med høg rente og står i fare for å miste bustaden ved tvangssal.
  • Du klarer ikkje å betene  noverande  gjeld, men kan dekke utgiftene og behalde bustaden dersom låna refinansierast med startlån.

Andre

  • Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og manglar ein eigna bustad.
  • Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
  • Startlån til kjøp eller refinansiering er nødvendig for å kunne oppretthalde ditt arbeidsforhold.
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.
     

Unge i etablerings-fasen er ikke i målgruppen

  • Er du ungdom og manglar eigenkapital, er du ikkje i målgruppa for startlån.
  • Det forutsett at du utnytter dine moglegheiter for å spare opp nødvendig eigenkapital og søker lån i vanleg bank.

Sjå om du er i ein av dei andre målgruppene.
 

Regelverk

Forskrift om startlån frå Husbanken
 

Søk startlån og tilskot. Alle må søke elektronisk

Kontakt

Veronica Tråstad
Konsulent
Mobil 948 50 545