Kommunedirektøren sin kommentar
Kommunedirektør Ivar Bø peikar på at planen skal omsetje dei langsiktige måla i kommuneplanen til konkrete handlingar. – Vi har høge ambisjonar, men også utfordringar. Skjåk står godt rusta med dyktige medarbeidarar, solide fagmiljø og engasjerte innbyggjarar. Samstundes ser vi ei demografisk utvikling som vil påverke både tenestetilbod og økonomi, seier Bø.
Store endringar i befolkningssamansetninga
Framskrivingar frå SSB viser ein betydeleg nedgang i talet på innbyggjarar i arbeidsaktiv alder, medan talet på eldre over 80 år aukar kraftig. Dette vil krevje omstilling i tenestene, særleg innan pleie og omsorg. Vi må tenke nytt om ressursbruk og organisering. Dersom vi ikkje gjer grep, vil vi ikkje klare å oppretthalde dagens tenestetilbod, understrekar kommunedirektøren.
Stram økonomistyring og omstilling
2025 har vore prega av høge prisar, høg rente og låge kraftinntekter. Trass i dette ligg kommunen an til eit positivt resultat, men framtida krev stram økonomistyring. Kommunen planlegg ei rekkje tiltak for å sikre berekraftig drift, mellom anna:
- Digitalisering og bruk av ny teknologi for effektivisering.
- Energisparing i kommunale bygg.
- Reduksjon av innkjøpskostnader og vurdering av tenestekutt.
- Naturleg avgang i bemanning.
Budsjettnemnda har bedt om utgreiing av 16 konkrete tiltak, inkludert innføring av eigedomsskatt næringsbygg og bolig, samarbeid om legekontor med Lom og reduksjon av driftskostnader i heimebasert omsorg.
Satsingsområde og beredskap
Sjølv om økonomien er strammare, vil kommunen halde fram med viktige satsingar som bulyst, bustad- og næringsutvikling, rekruttering og oppvekstreformen «laget rundt barnet». I tillegg blir beredskap høgt prioritert i 2026. Arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalyser og oppfølging av Totalberedskapsmeldinga skal sikre at kommunen kan stå imot kriser og samansette truslar. – Tryggleik for innbyggjarane våre er avgjerande. Vi må vere førebudde på det uventa, seier Bø.
Avslutning
Målet er klart: Skjåk kommune må redusere kostnadane, drifte meir effektivt og samtidig skape gode liv for innbyggjarane. – Vi går frå særstilling til omstilling, og vi skal klare dette saman, avsluttar kommunedirektøren.