Mange hyttar ligg utanfor allfarveg, og utrykkingstida er ofte lenger enn i meir sentrale område. Difor er det viktig at ein ikkje tek ferie frå branntryggleiken når ein reiser på hytta.. Vi har ingen å miste i brann.
Typiske brannårsakar
Årleg er det brannar og branntilløp i over 750 hyttar og fritidsbustadar i Noreg. Bruk av open flamme utgjer minst ein tredjedel av alle hyttebrannar. Dårlege kokeanlegg, feil fyring og mangelfulle skorsteinar og eldstadar topper lista over brannårsakar.
Vedlikehald
Det nytter ikkje med røykvarslar og sløkkeutstyr visss dette ikkje blir vedlikehalde regelmessig. Røykvarslarbatteriet bør bytast minst ein gong årleg. Kvar gong du tek i bruk hytta, bør røykvarslaren testast med testknappen. Pulverapparat bør vendast opp ned slik at pulveret ikkje klumper seg, og man må sjekke at trykkindikatoren peika på det grøne feltet.
Brannvernforeninga si sjekkliste for brannsikker hytte:
- Sjekk røykvarslaren kvar gong du kjem på hytta
- Ha alltid batteriar i reserve.
- Sørg for rikeleg tilgang på sløkkeutstyr.
- Gå aldri frå levande lys.
- Ikkje bruk peis/ omn som tørkestativ.
- Deponer og kaste oskeavfall på ein forsvarleg måte.
- Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
- Ver ekstra varsom ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamnleg.
- Bruk godkjende fagfolk til utbetringar som krev dette.