Meld deg som friviljug

Vi ønskjer å ta godt i mot nye innbyggarar som kjem til Skjåk. For at dei skal trivast enda betre, og bli integrert i Skjåk, - treng vi at heile kommunen står saman om jobben. 

Kva kan du bidrege med?
Ønskjer du å bistå, kan du melde frå til Skjåk kommune v. servicetorget, så vil vi halde oversikt ut frå kva det til ei kvar tid vil vere behov for.

Du kan og melde deg som friviljug via skjemaet lenger ned. 

Ledig husvære
Vi har stadig behov for husvære. Meld frå om du har noko ledig. 

Klede/utstyr
Har du klede eller anna utstyr som til dømes syklar, sykkelvogn, fiskestong ståande som du ikkje brukar lenger? Dette kan du levere hjå flyktningtenesta i Skjåk ved resepsjon på kommunehuset.