Om «Prøvebu i Skjåk»

«Prøvebu i Skjåk»

Krav for å prøvebu i Skjåk. Denne ordninga siktar seg mot:

  • Personar med ein intensjon om å busetje seg i og arbeide i Skjåk. 
  • Personar som tilfører arbeidskraft/ressursar til Skjåk.
  • Personar med folkeregistrert adresse utanfor Skjåk, eller kan dokumentere arbeid/studiar utanfor Skjåk i minst 2 år.
  • Husstandar med fleire medlemmer.
  • Aldersgruppa 25-45 år.
  • Lærlingar.
     

For å vere aktuell for rekrutteringsbustaden må søkjaren oppfylgje eit av desse krava:

  • Ha tilbod om lønna arbeid i form av fast stilling (dette må kunne dokumenterast).
  • Tilbod om vikariat/midlertidig tilsetting av minst 1 års varigheit.
  • Vere sjølvstendig næringsdrivande.

Retningslinjer for leige:

  • Leigepris er kr. 10.000 per månad.
  • Utgifter til strøm, renovasjon og kommunale avgifter er ikkje inkludert i leigeprisen.
  • Leigetakar kan leige i inntil 3 år.
  • Leigetakar har opsjon på å løyse in kjøpekontrakten etter eit, to eller tre års leigeperiode.
  • Leigekontrakten går ut etter tre år og leigetakarane må da bestemmer om dei ynskjer å kjøpe eller flytte.
     

 Les meir om retningslinjene for rekrutterings- og prøvebustader i Skjåk (PDF, 132 kB)

Om bustadene

Bustadene er bygd i 2022/2023. Dei har nytt og moderne interiør. Det totale arealet på etasjane er 57 og 56,9 m2. Kjøkkenet er utstyrt med kvitevarer og det er to skap på to av soveromma. Det er 2 bad i bustaden, eit i kvar etasje. 3 større rom og 3 mindre. Kjøkken og stue er i same rom. Bustaden ligg på ei høgde med fin utsikt over bygda og gangavstand til Bismo. Parkeringsplass og bod utanfor døra.

Dersom leietakar ynskjer å kjøpe bustaden gjeld desse hovudreglane:

  • Kjøp fylgjer "leige til eige prinsippet" etter modell frå Husbanken
  • Det er føresetnad om leige i minst eit år
  • Kjøpar må bli buande i bustaden og arbeide i Skjåk i minst 2 år etter kjøpetidspunktet


Fleire fakta om å leve og bu i Skjåk finn du på nettstaden Skjak.no

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway

 

Tea Karoline Mork
Prosjektleiar, Sats på Skjåk
Mobil 901 16 575