Dønfoss naturbarnehage

Dønfoss naturbarnehage ligg ca. 10 km vest for Bismo, midt i skogen med utfordrande og variert utemiljø, og godt tilrettelagt innemiljø. Godkjent for 36 plassar. Dønfoss naturbarnehage har òg ein eigen årsplan.

Dønfoss naturbarnehage

Vi legg vekt på leik, læring og opplevingar i nær kontakt med naturen. Vi meiner det er viktig å fremme kunnskap om naturen, om å vera i naturen, og ha respekt for naturen. Dønfoss naturbarnehage vil at naturen skal vera læringsarena  for meistring, samspel og begrepsforståing.

Elgjakt, slakting, fisking og innhausting frå eigen kjøkkenhage og skogen er eit av barnehagen sine prosjekt.  Av dette lagar vi matrettar frå botnen av, slik at barna får kjennskap til kvar maten kjem frå.

I kjellaren har vi bakstrom med takke og alt utstyr som skal til, der får barna erfaring med å bake flatbrød og lefse. Snekkerbod med tilhøyrande utstyr har vi også.  Utanfor vindauga har vi fuglekarnapp og fuglekasser med kamera, på tvskjermen fylgjer vi med når fuglane byggjer reir, legg egg og klekkjer. På uteområdet er det kaningard. To gardsbruk ligg i gangavstand, der vert barna kjende med kalving og lemming. Området langs Ottaelva er ein naturleg del av leikemijøet.

Om vinteren er ljosløypa og akebakken  flittig brukt, dette ligg rett utanfor døra.  Litt lenger inn i skogen har vi lavo med bålplass både ute og inne. Der har vi laga ei naturhinderløype, som er i stadig utvikling. 
Vi arbeider systematisk og målretta med barn sin psykiske og fysiske helse, med fokus på trygge relasjoner og barn sine behov for tilknytning, og legg til rette for variert og stimulerande leik både ute og inne.

Dei tre kommunale barnehagane har felles visjon:

SJÅ LJOST PÅ LIVET!

Vedlegg

Artikkelliste

Kontakt

Heidi Jevnheim
Styrar, Dønfoss naturbarnehage
Telefon 61 21 48 32
Mobil 901 93 957

Opningstider

  • Dagar: måndag-fredag:
  • Opningstid: kl.07.00-16.30