Serviceerklæringa

Dette kan du forvente av kulturskulen i Lom og Skjåk:

  • Undervisning i tråd med Rammeplanen for kulturskulane i Noreg «mangfald og fordjuping»
  • Opplæring av kvalifiserte pedagogar og/ eller utøvarar.
  • Opplæring tilpassa den enkelte elev sine føresetnadar , behov og interesse (faser)
  • Ta del ved ulike typar arrangement.
  • At lærarane kan gje råd ved kjøp av eige instrument eller utstyr.
  • At du får beskjed frå skulen om læraren er sjuk eller forhindra frå å undervise.
  • Dersom læraren er sjuk eller forhindra frå å undervise, freistar skulen etter beste evne å skaffe vikar.
  • At alle som søkjer plass, får beskjed om inntak eller ventelisteplass, før oppstart av nytt kulturskuleår.
  • At kulturskulen utarbeidar ein årsplan for kvart skuleår som blir utdelt ved oppstart.

Dette forventar vi av deg som er elev ved kulturskulen i Lom og Skjåk:

  • At du er motivert og har lyst til å øve for å verta betre.
  • At du møter opp kvar veke, eller gjev beskjed så tidleg som mogleg til læraren din dersom du ikkje kan møte. Elevar som ikkje melder frå til læraren sin om at dei er borte tre gonger i eit semester, mister plassen sin på tilbodet. Eleven må likevel betale elevavgift ut skuleåret. Elevar som er borte to gongar utan å gje beskjed, vil få skriftleg åtvaring frå rektor om at han står i fare for å misse plassen sin.
  • At du set av tid til å vera med på konsertar, framsyningar, utstillingar og prosjekter utanom den ordinære undervisinga. 
  • At du overheld fristen for re-registrering (1. april - 1. juni).
  • Elevar i 10. klasse som ynskjer å halde fram ved kulturskulen om dei kjem inn på vidaregåande i nærleik av heimen, må re-registrere seg for nytt kulturskuleår (1. april - 1. juni). Dersom eleven ikkje kan halde fram på kulturskulen grunna flytting, må heimen kontakte rektor innan 1. august på e-post. Elevar som grunna flytting ikkje seier opp plassen sin på e-post innan 1. august blir registrerte som elevar og må betale for heile skuleåret.     
  • Vi gjer merksam på at  du  ved gjentatt ugyldig fråvær eller dårleg oppførsel kan miste plassen din.
     

Dette forventar vi av deg som er føresett ved kulturskulen i Lom og Skjåk:

  • At de oppmuntrar og støtter eleven, og legg forholda til rette for dagleg øving heime.
  • At du melder frå til læraren dersom eleven skal vera borte frå undervisninga. Elevar som er borte to gonger i eit semester, utan å gje beskjed, vil få skriftleg åtvaring frå rektor om at han står i fare for å misse plassen sin. Elevar som ikkje melder frå om at dei er borte tre gonger i eit semester, misser plassen sin på tilbodet. Eleven må likevel betale elevavgift ut skuleåret. 
  • At de tek kontakt med læraren dersom de har spørsmål eller ynskjer å koma med innspel til undervisninga.
  • At de etter avtale med læraren, kjøper noter og nødvendig utstyr.
  • At de tek godt vare på instrument/ utstyr til skulen. Føresette er ansvarlege for å dekke skade på instrumentet om eleven har forårsaka dette gjennom uvettig handtering
  • At du set av tid til å vera med på konsertar, framsyningar, utstillingar og prosjekter utanom den ordinære undervisinga. 
  • At du overheld fristen for re-registrering (1. april - 1. juni)
  • Elevar i 10. klasse som ynskjer å halde fram ved kulturskulen om dei kjem inn på vidaregåande i nærleik av heimen, må re-registrere seg for nytt kulturskuleår (1. april - 1. juni). Dersom eleven ikkje kan halde fram på kulturskulen grunna flytting, må heimen kontakte rektor innan 1. august på e-post. Elevar som grunna flytting ikkje seier opp plassen sin på e-post innan 1. august blir registrerte som elevar og må betale for heile skuleåret.     
  • Vi gjer merksam på at eleven ved gjentatt ugyldig fråvær eller dårleg oppførsel kan miste plassen din.
  • At de overheld fristar for elevbetaling.

Kontakt

Stian Bøhle
Fung. rektor Lom og Skjåk kulturskule
Telefon 906 74 150
Mobil 906 74 150