Dans


Dans 1: Dans for barn 1. – 3. klasse.
    Elevar her får utfalde seg i kreativ barnedans, smake på noko teknikk, samt utforske dansen med leik og rytme.
Dans 2: Dans for barn 4. – 6. klasse.
    Tilbodet gjev opplæring innan jazzballett og kreativ dans, med vekt på teknikktrening, innstudering av koreografi og danseglede.
Dans 3: Dans for ungdom 7. klasse, ungdomsskule og vidaregåande skule.
    Tilbodet gjev opplæring innan jazzballett og kreativ dans, med vekt på teknikktrening, innstudering av koreografi og danseglede.

Undervisninga blir gjeven i dansesalen i Skjåk. Industrivegen 60. Søk deg inn på dans her:

Påmelding DANS 

For elevar på dans 1 vil undervisninga vere leikbasert. Her vil det ikkje bli stilt krav til eigenøving heime. Dans er ein kunstform som berre kan lærast gjennom langsiktig og systematisk undervisning og eigeninnsats. Etter kvart som elevane blir eldre vil det vere naudsynt med eigenøving mellom undervisningstimane for å få eit større læringsutbytte og utvikling, både for kvar einskild eleven og  gruppa. Det blir stilt krav om at elevane møter førebudd, positive og motiverte til danseundervisning, samt syner god treningskultur. 

Undervisningsplanar