Det vert gjeve undervisning på akustisk gitar, el. gitar, el. bass eller kontrabass. Læringa skjer både med og utan noter. Du vil få opplæring i akkompagnementspel og solospel innanfor ulike sjangrar slik som; rock, pop, blues, gammaldans, folkemusikk, klassisk og jazz. Samspel og band er ein viktig del av undervisninga. Søk deg inn på gitar og bass her:
Opplæring på gitar og bass
Programmet har opptak for elevar som ynskjer å lære å spele gitar og bass. Dette er ein prosess som krev tid, motivasjon og øving heime. Elevane vil få opplæring både individuelt og i samspelsgrupper. Undervisninga krev tett samarbeid mellom heim-skule i høve musikalsk utvikling, framdrift og eigenøving.
Mål for musikkopplæringa
Gjennom arbeid med musikk skal elevane:
- Oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt, i alle faser og ut i frå ambisjonsnivå
- Oppleve glede over å meistre samt positiv sjølvutvikling
- Utvikle seg til sjølvstendige utøvarar som har glede over musikk gjennom heile livet
- bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk
- Få bruke sitt læringspotensiale fullt ut
- Utvikle evne til samspel og samarbeid
- Bli ressurspersonar som medverkar til eit levande kulturliv
- Få moglegheit til fordjuping som kan danne grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk og andre aktuelle kunst- og kulturområde.
Læringsmål innan musikk:
Faget er inndelt i fire faser. Innan alle fasene skal elevane jobbe med fem nøkkelkompetansar: høyre, lese, lage, øve og framføre.
Døme på læringsmål:
- Høyre: eleven skal kunne imitere; spele /syngje melodiar på gehør
- Lese: eleven skal lære å lese noter
- Lage: eleven skal komponere og notere eigne melodiar
- Øve: eleven skal øve jamleg og samarbeide med lærar og føresette om gode øvingsrutinar
- Framføre: eleven skal få erfaring med å framføre musikk på små og store arenaer