Piano

Piano

Undervisninga er i hovudsak notebasert, men inneheld òg besifring- og gehørspel. Eleven blir kjend med ulike stilartar; klassisk, folketonar og samtidsnære musikkformer. Musikkteori er ein naturleg del av opplæringa. Individuell undervisning utgjer hovudtyngda, men ulike former for gruppeaktivitetar høyrer også med. I tillegg til firhendig pianospel skal eleven få erfaring i samspel med elevar på andre instrument, når det lèt seg gjennomføre. Heimeøving er ein føresetnad for god progresjon. Samarbeid mellom heimen og kulturskulen er viktig med tanke på motivering, eigenøving og gode arbeidsvanar.

Tilbodet på piano blir for tida gjeve i Lom.

Undervisningsplanar