Slagverk

Du vil få undervisning på trommesett og anna perkusjonsutstyr. Undervisninga skjer både etter gehør og noter. Undervisninga gjev opplæring innan ulike spelestilar og sjangrar. Samspel og band er ein viktig del av undervisninga. Undervisning blir gjeve både i Lom og Skjåk. Søk deg inn på slagverk her:

Opplæring på slagverk

Programmet har opptak for elevar som ynskjer å lære å spele slagverk og andre perkusjonsinstrument. Dette er ein prosess som krev tid, motivasjon og øving heime. Elevane vil få opplæring både individuelt og i samspelsgrupper. Undervisninga krev  tett samarbeid mellom heim-skule i høve musikalsk utvikling, framdrift og eigenøving. 

Undervisningsplanar

Kontakt

Oddrun Kvalheim
Rektor, Lom & Skjåk kulturskule
Telefon 906 74 150
Mobil 922 16 716