Eit innblikk

Elevbedrifter i 9.klasse

 

Den grønne flamme EB med prisen for beste elevbedrift Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

9.klasse ved Skjåk barne- og ungdomsskule har den siste tida arbeidd med ungt entreprenørskap, der dei har tenkt ut bedriftsidear, og sett ut desse ideane via stifting av eigne elevbedrifter. Dei tre elevbedriftene er Sikk sakk saum EB, Skjåk fyr og fæitved EB og Den grønne flamme EB.

 

Ungt entreprenørskap er delt opp i ulike nivå. Alle startar med sine idear og utviklar dei på skulane sine. Så er det Regionsmesser der dei har stand for å fortelja om og vise fram produktet, eller det dei har gjennomført via sosialt entreprenørskap. Frå her er det nokre elevbedrifter som kjem vidare til fylkesmessa, der nokre få kjem vidare til den nasjonale konkurransen.  

 

Regionmesse

Torsdag 21.april var det regionmesse for regionen Nord-Gudbrandsdalen, i Otta Kulturhus. Her var det 19 elevbedrifter frå ungdomsskular i Nord-Gudbrandsdalen. At bedriftene frå Skjåk har arbeidd godt med bedriftene sine kjem godt fram i kåringane på messa. Sikk sakk saum EB fekk prisen for Beste grøne entreprenør, Skjåk fyr og fæitved EB fekk prisen for Beste team, og Den grønne flamme EB vart kåra til den Beste elevbedrifta, og fekk i tillegg 2.pris for Beste oppleving på stand. Berre tre av dei 19 elevbedriftene frå regionen går vidare til fylkesmessa, og  to av desse er Den grønne flamme EB og Skjåk fyr og fæitved EB.