FAU/SU - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

FAU/SU

Båe elevar, foreldre og tilsette samarbeider for å skape eit godt skulemiljø, og dette samarbeidet er organisert i ei rekke utval.

Foreldreutval (FAU)

Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) er eit arbeidsutval valt av foreldrerådet og er det utøvande organet for foreldrerådet. FAU er bindeleddet mellom foreldra og skolen. FAU skal sikre reell medverknad frå foreldra og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt.

Samarbeidsutval (SU)

Alle grunnskular skal ha eit samarbeidsutval (Opplæringslova § 11-1). Utvalet er skulen sitt øvste samarbeidsorgan og består av representantar for viktige partar i skulesamfunnet.