Eit innblikk

Lektor 2

Lektor 2 er ei nasjonal realfagssatsing som driftast av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Skjåk barne- og ungdomsskule gjennom to lærarar er med i denne satsing som gjennom tettare samarbeid mellom skule og arbeidsliv skal bidra til å:

  • Stimulere elevane si interesse og motivasjon for realfag 
  • Auke elevane sitt læringsutbytte
  • Auke rekruttering til realfaga
  • Auke lærarar sin kunnskap og kompetanse i samarbeid med arbeidslivet

Samarbeid med Skjåk Almenning

I vinter fekk 8. klassingane tilsendt statistikk som viser slaktevekt på elg og hjort i Skjåk frå 1978 – 2021. Elevane har gått grundig inn i statistikken for dei siste 20 åra, og denne viser at slaktevekta på elg har gått ned Slaktevekta på elg i Skjåk har gått ned dei siste 20 åra. Skjåk Almenning har fleire teoriar om kvifor, og dei la fram den eine for elevane. Denne går ut på at beiteområda til elgen byrjar å bli for gamle. Skjåk Almenning ville derfor ha med seg elevane på oppfrisking av fjellbeite og studie av dette. Elevane fekk i oppdrag å markere to beiteområde og friske opp eit av desse. Begge desse områda skal observerast ved hjelp av viltkamera over ei lengre periode.

Beitetaksering

Den 16.mai var elevane på beitetaksering saman med Tor Taraldsrud og Kristen Dagsgard frå Skjåk Almenning. Der skulle dei sjå på furuskogen, og fekk innføring i korleis ein takserer skogen. Dei lærte om beitegradar og kva som ligg i dei ulike gradane, til dømes om ein elg har beitt av toppen av eit lite furutre. Det var mykje tråkk i området, men svært få tre som har vore beitt på. Denne dagen var dei også i Framrusten og sette opp viltkamera Jerv på viltkamera Viltkamera for å fylgje med på elg i området. 

Viltkamera og jerv

I Framrusten var det framleis mykje snø og vinterføre, så det var ikkje mogleg å byrje med beiteoppfrisking der. Viltkamera hang opp i ein månad og tok berre bilete av ein einaste elg. Det mest spennande på kameraet var likevel ikkje elgen, men at dei fekk bilete av ein jerv som var i området.  

Rydding av vieområde

På grunn av lite aktivitet i Framrusten vart viltkameraet fløtt til eit område på Skjellom. Måndag 13. juni reiste 8. klassingane dit på overnattingstur. Der valte elevane, saman med Kristen Dagsgard, ut to felt med mykje gamal og skadd/daud vegetasjon i form av lappvie (mest kjent som gråvie i Skjåk) og bjørk. Her fekk elevane i oppdrag å reinske det eine feltet for den skadde og daude vegetasjonen. Det andre feltet skulle vera urørt. På den måten fekk dei eit samanlikningsområde. Dette prosjektet skal strekkje seg over lengre tid, og meininga er å sjå om elgen er meir glad i det rydda området eller det urørte området, og om rydding av skog og beiteområde kan ha noko å seie for slaktevekta på elgen i bygda.

Bål og kos på Skjellom

Elevane brukte resten av tida på Skjellom til å lage seg eit leirområde, kose seg ved bålet og leike seg i området. Nokre av elevane tok seg til og med ein kveldstur til varden ved Skjellhovden

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde

Elevar ved 9.klasse har i vår arbeid med ungt entreprenørskap og elevbedrift. Etter Messe på Otta i april kvalifiserte to bedrifter seg til Fylkesmesterskapet i Innlandet. Det var bedriftene " Ull er Gull EB" og "Skjåk Dekk og vask EB" som onsdag 1. juni var på Hamar. Dagen på Hamar bestod av ei utfordring frå Gudbrandsdal Energi, elevbedriftspresentasjon, samarbeids- og nettverksøvingar og premiering.