Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er til for alle som går på barne- og ungdomsskulen. Tenesta er gratis, og du kan ta kontakt utan timeavtale.

Tenesta jobbar for å fremme god helse og trivsel, gir rettleiing, gjer helseundersøkingar, underviser, gir vaksinar og tilbyr oppfølging ved behov. Helsesjukepleiar jobbar i tett samarbeid med personalet ved skulane og med føresette. Føresette og lærarar blir oppfordra til å ta kontakt ved behov. Helsesjukepleiar har teieplikt.