Skuleskyss

Du har rett på gratis skuleskyss dersom:

  • avstanden mellom heim og skule er 2 km eller meir (1. årstrinn) eller 4 km eller meir (2.-10. årstrinn). Avstanden gjeld kortaste gangbare veg mellom heim og skule.
  • du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom heim og skule.
  • det er naudsynt med båt eller ferje, utan omsyn til avstanden mellom heim og skule.

Du kan ha rett på gratis skuleskyss dersom

  • du har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, uavhengig av avstanden mellom heim og skule – ta kontakt med kommunen.

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skuleskyss utan omsyn til avstand mellom heim og skule. Særleg farleg eller vanskeleg skuleveg vert vurdert med omsyn til trafikktilhøve og klima. Vurderinga må sjåast saman med den enkelte elev sin alder og modnad. Omgrepet «særleg farleg eller vanskeleg» inneber at faren ved å ferdast på denne vegen er utanom det vanlege. Dersom avstanden er under skyssgrensa er det .kommunen som fattar vedtak og har det praktiske og økonomiske ansvaret.

Søknadsskjema om skuleskyss ved farleg skuleveg skal sendast Skjåk kommune. 

 

Busstransport til/frå Skjåk barne- og ungdomsskule 

Busstransport Skjåk barne- og ungdomsskule
Til skulen Sted og tidspunkt
514 Lom – Staurust – Reppen Staurust 07.30 Marlo 07.45 Aurmo 07.50
514 Lom – rv15 - Lundagrenda Lom 07.35 Ysteriet 07.42 Ånstad 07.49 Lund (Lundagrenda) 07.57
573 Bråtå – rv 15 - Bismo Tuva 07.30 Søre Åmodtsbru 07.48 Dønfoss Coop 07.50 Nordberg kyrkje 07.55
573 Bismo rv. 15 Dønfoss – Øyberget – Jøingsli – Teigum – Bismo Bismo 07.22 Nordberg kyrkje 07.31 Øyberget 07.39 Dønfoss camping 07.42 Myrom 07.43 Nordberg skule 07.50 Teigum 08.00 Bismo
Til skulen

Busstransport Skjåk barne- og ungdomsskule (frå skulen)

Busstransport Skjåk barne- og ungdomsskule (frå skulen)
Buss/fargekode Sted - Frå/til
Buss 1 (GRØN) 501 / 514 (FR) Bismo – Reppen- Ånstad-Ysteriet – Lom - Otta (unntatt fredag).
Buss 2 (BLÅ) 514 Bismo – Reppen - Staurust
Buss 3 (RØD) 514 Bismo – Lundagrenda – rv 15 - Lom
Buss 4 (GUL) 573 Bismo – Jøingsli – Søre Åmodtsbru – rv. 15 - Bismo
Drosjebuss (ORANSJE) Bismo, rv. 15-Dønfoss – Øyberg - Bråtå
Det er fire bussar nemnt som 1, 2, 3 og 4. Bussane skal vera merka med fargekoder.