Bismo barnehage markerte samefolkets dag

6. februar, samefolkets dag.

Bismo barnehage markerte i går, 6. februar, samefolkets dag. I samband med dagen hadde vi Kristi Bakken på besøk i barnehagen.

Kristi har sjølv budd i Tana saman med familien sin, og ho har mykje utstyr og klede som samane tradisjonelt brukar. Barna vart kledd opp i fine samiske kofter, skallar, sjal og huver, medan ho fortalde om kva kleda var laga av og om andre artige ting. Mellom anna hadde ho med seg ei lita komse, ei lita babyseng som samane brukte. Den kan ein henge rundt halsen og bere med seg, eller ein kan henge den i taket inne i lavvoen.