Bustadtomter i Skei 3 er klare for sal - Skjåk kommune

Bustadtomter i Skei 3 er klare for sal

  Skjåk kommune  

Bustadtomter i Skei 3 er klare for sal

Det har vorte lagt ned mykje arbeid i opparbeiding av Skei 3 tomteområde, men no er det klart for sal. Skjåk kommune er klare til å selje 10 nye tomter. No er både rassikring og ny infrastruktur på plass.

Sjå vilkår: (Vedtak i Skjåk kommunestyre - 28.05.2020)

  1. Pris for tomt 55 og 56, inkl råtomt og anleggsbidrag for kraftforsyning og 1000 m2 tomt: kr. 385.050.-.
  2. Pris for tomt 50, 51, 52, 53, 54, 57, 58, og 59, inkl råtomt og anleggsbidrag for kraftforsyning og 1000 m2 tomt: kr 315.050,-.
  3. Prisane blir regulert årleg med 4%
  4. Om bygging på tomta ikkje har starta innan 2 år etter kjøp kan kommunen krevje å få kjøpe tomta tilbake til same pris.
  5. Prospekt blir lyst ut snarast med tre vekers frist.
  6. Det blir berre akseptert ein søknad pr husstand.
  7. Fordeling av tomter blir avgjort ved loddtrekking i fyrste runde.

Dersom du er interessert i tomt må du fylle inn vedlagt søknadsskjema (sjå under vedlegg). Søknadsskjema leverast servicetorget eller på vedlagt lenke her.

Tidsfrist for å sende inn søknadsskjema er 4. september 2020.

Har du spørsmål. Ta kontakt med Øystein Brandsar /  Telefon 900 15 146.

Vedlegg: