Diktardagar 2021
2. - 5. september
Temaet i år er historie, eventyr og segner.
Are Sende Osen, Helga Flatland, Olaug Nilssen, Ingar Sletten Kolloen, Magnhild Bruheim og Sigrun Slapgard skal vere med i årets program som kan by på erotikk, kongerekka og Game of Thrones, segner og historier frå Gudbrandsdalen, føredrag om Ivar Kleiven og Edvard Grimstad, lokal rock ved Eldhug, noko rolegare musikk ved Sol i skuggeskog, eitt og hitt kring Fel-Jakup og program kring O.M. Høgåsen – for berre å nemne noko.
Grunna koronaepidemien er det førehandssal av billettar på følgjande arrangement:
- Opningsprogrammet i Grindstugu
- Diktardagarmiddagen på Fossheim
- Litteraturseminaret i Utgard
- Festkveld i Utgard
- Bokbad på Fossberg
- Historier, segner og musikk på Sota Sæter
Du kan bestille billettar og du kan sjå programmet på nettsida til Diktardagar:
Velkomne!
Michael Schult Ulriksen
Are Sende Osen er ein av aktørane på Diktardagar i år.
Are er kjend for dei fleste som halvparten av duoen Are og Odin.
Saman med makkar Klaus Sonstad har han hatt ei rekke radio- og
TV-program og karriere som musikkartist.