Diktarsti på flaumvollen - Skjåk kommune

Diktarsti på flaumvollen

Ny diktarsti med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim på flaumvollen i Bismo.

Flaumvoll meir enn berre eit vern

I oktober 2018 vart Skjåk ramma av kraftig flaum frå Ottaelva. For å tryggje området mot framtidige flaumar, har NVE bygd ein flaumvoll rundt Bismo.

I dag er denne vollen meir enn berre eit vern – han er også ein del av ein fin tursti med aktivitetar for både store og små.  Langs stien finn du ein diktarsti laga av Vennelaget Jan-Magnus Bruheim og ei dagsturhytte. På kvilebenkane langs ruta finn du dikt av den lokale diktaren Jan-Magnus Bruheim.  Det er elevar ved Skjåk barne- og ungdomsskule som har plukka ut dikta. I tillegg til dikta er det også forslag til ein treningsaktivitet.WED

Her er eit av dikta med illustrasjon på Diktarstien

Trollguten

Trollmora sette fram
mat på bord: «No må du eta
så du blir stor!»

Men trollguten trampa
og skreik. «Ditt naut,
du veit da så vel
at eg et ikkje graut!»

Han rasa og skreik
men heldt opp ei stund
med han sopte av bordet
så alt slo seg sund.

Trollfar sat stum
med sitt store skjegg.
Trollmora turka ein tåre
så stor som eit strutse-egg.

Trollfaren mulla:
«Han skulle ha svolk!»
«Å nei,» sukka mora,
«men han er så lei
at ein kunne mest tru
han var folk!»

   Jan-Magnus Bruheim

Illustrasjon av Jens Kristensen - Klikk for stort bilde Illustrasjon av Jens Kristensen

Natursti

Sjå også etter QR-kodar på benkane! Desse gir deg skiftande tema og digitalt innhald gjennom heile året – noko for både barn og vaksne. 

Ein benk på diktarstien i Bismo - Klikk for stort bildeEin av tolv benkar på Diktarstien på flaumvollen

 Diktarstien 

Det er Marius Jøingsli som har laga benkane. HAUS har laga utforminga på skilta på bestilling frå Vennelaget Jan-Magnus Bruheim.  Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Vennelaget Jan- Magnus Bruheim, Skjåk folkebibliotek og Skjåk kommune. Illustrasjonane til dikta er henta frå diktsamlinga Trollguten, og nokre av illustrasjonane til dikta er nye. Dei er alle laga av illustratør Jens Kristensen.

Fleire av benkane er allereie sett ut. Marius Jøingsli plasserer dei ut etter kvart som dei blir ferdige. Alt skal vere på plass til 7. juni. Sjå bilete under - eller ta deg ein tur langs stien 😊

Dette er ein aktivitet som er tilrettelagt for dei aller fleste,  anten du er gamal eller ung, går på to eller fire føter, eller trillar på to eller fleire hjul.

 Sponsorar

Spelemidlar, Skjåk Almenning, Skjåk kommune, Vennelaget Jan-Magnus Bruheim, Den kulturelle spaserstokken,  LHL-Skjåk, Skjåk Turløyper, Sparebankstiftelsen DNB, Anne Lise og Palmer Høgvoll, Austmannalaget. Sparebank 1 Lom og Skjåk. 

Førebels program til opningsarrangementet for diktarstien

7. juni ved Dagsturhytta ved flaumvollen

  • Opning ved ordførar Edel Kveen
  • Om prosjektet ved Rolv Kristen Øygard
  • Diktlesing ved Nora, Johanne, Jan Steinar, Kristianne, Aida, Thea Oline og Sverre
  • Musikkinnslag ved Annabell Randen
  • Servering av marsipankake, sjokoladekake, grillpysje, brus og kaffi
Informasjonsskilt Bismo-runda - Klikk for stort bildeInformasjonsskilt Bismo-runda