God stemning: Ruth Kummen, Anne Lise Stensgård, Ivar Kummen og fleire til kosa seg i finvêret
Sigrun Eide
Ei samskaping
Opninga gjekk føre seg ved dagsturhytta i Bismo. Det heile starta med opplesing av Bruheimdikt frå 7. klassingane Johanne, Nora, Kristianne, Aida, Sverre og Jan Steinar ved Skjåk barne- og ungdomsskule. Publikum fekk også eitt musikalsk innslag med livleg toradarmusikk framført av Annabell og far hennar, Kjetil.
Ordførar Edel Kveen tok seg av den offisielle opninga. Ho la vekt på at arbeidet med stien har vore ei samskaping med mange involverte som har bidrege både økonomisk og med arbeidsinnsats. Ho la vidare vekt på at stien som er lagt oppå flaumvollen rundt Bismo er for alle, uansett funksjonsnivå. Rolv Kristen Øygard fortalde om ideen og prosessen bak diktarstien.
Ei sansevandring for store og små
Diktarstien inneheld tolv benkar som er laga av Marius Jøingsli. På kvar benk finn du eit barnedikt av Jan-Magnus Bruheim med ein illustrasjon til kvart dikt av Jens Kristensen.
Skilta til dikta er designa av Haus Byrå. Det er forslag til fysiske øvingar på kvar benk. Resultatet er ei oppleving der aktivitet, ord, bilete og natur går i lag – ei sansevandring for både store og små.
Lille Torun kosa seg på opninga av Diktarstien
Sigrun Eide
Solo og twist
Etter opninga vart det servert grillpølser, marsipankake, sjokoladekake og kaffi. Brita og Synne sto for serveringa. Som ein særeigen og triveleg detalj vart det òg servert det som Jan-Magnus Bruheim sjølv ofte baud sine gjester: Solo og Twist.
Opninga av Diktarstien vart ei minnerik markering. Stien er open for alle som vil oppleve dikt i samspel med skogen og landskapet rundt.
Meir om Diktarstien