Er du interessert i å lære meir av kva som gjev tryggheit for ditt barn? Circle Of Security Parenting kurs vår 2017 (COS-P) Er du interessert i å lære meir av kva som gjev tryggheit for ditt barn?Da kan kurs i tryggehetssirkelen/Circle of securtity parenting (COS-P) væra noko for deg. Har du barn i alderen 0-5 år så har du nå moglegheit til å være med på kurs.Tryggheit er viktig for utvikling av empati, vennskap og god sjølvkjensle. Trygge barn opplev også meir glede saman med sine foreldre og søkjer oftare hjelp hjå foreldra/føresette når dei har det vanskeleg. Dette kurset har fokus på at foreldra/føresette i kvardagssituasjonar kan skape tryggheit, gjennom samtidig å møte barnet sine emosjonelle behov og sette grenser.Kurset er basert på eit ferdigutvikla DVD- materiell og foregår i gruppe. Dykk vel sjølv kor mykje dykk ynskjer å dele i gruppa. Kursstart:Kurset startar opp 27.02 kl 15:00. Dersom tidspunktet er upraktisk gje attendemelding så skal vi prøve endre på dette. Kursdagar er: 27.02, 06.03, 13.03, 20.03, 03.04, 10.04 Det er fyrstemann til mølla prinsippet. Maks 15 kursdeltakare per kurs.Vi oppfordrar begge foreldra til å delta - men det er ikkje eit krav. Vi gleder oss til å starte opp att med COS-P kurs.Ta kontakt dersom du har spørsmål.Påmelding til tlf., 902 41 735 per SMS eller tlf.Venleg helsing Skjåk helsestasjon Sist endret 30.01.2025 12.54