Fallvilt og påkøyrt vilt i SkjåkAlt hjortevilt som døyr utanom ordinær jakt blir registrert i hjorteviltregisteret som fallvilt. Sjå alle tal i artikkel.Fallvilt og påkøyrt vilt i SkjåkAlt hjortevilt som døyr utanom ordinær jakt blir registrert i hjorteviltregisteret som fallvilt. Det høgaste talet på fallvilt hadde vi i 2018, da var det mykje snø også nede i bygda og mange dyr dauda på vinteren og våren. Det er relativt mange påkøyrslar i Skjåk, ofte mellom 40 og 60 pr år. For fem år sidan var det heilt oppe i 85 påkøyrslar. Det var nokre færre påkjørslar i 2024 enn året før. Det var særleg nedgang i talet på elgpåkjørslar. Normalt er det elg og rådyr som er involvert i flest påkøyrslar, men dei tre siste åra har det vore påkøyrt like mange hjort. Ved store snømengder beitar hjorteviltet meir på innmark lågt i terrenget. Da blir det som regel fleire kryssingar av vegar og fleire påkøyrslar. God siktrydding er eit tiltak som kan bidra til færre påkøyrslar. Om lag halvparten av dei dyra som blir påkøyrd daudar. Om dei ikkje er øydelagt i påkøyrselen kan dei bli brukt til mat. Dei må i så fall bli godkjend av mattilsynet ved eit godkjent viltbehandlingsanlegg. Dette gjer det kostbart og utfordrande å utnytte vilt som er påkjørt til mat. Dersom t.d. vomma er sprukke eller dyret har dauda før fallviltpersonell kjem fram til påkøyrselstaden, vil dyret uansett ikkje kunne bli godkjent. Dei som ikkje blir brukt til mat kan bli brukt til åte eller bli liggjande i skogen og brytast ned naturleg. Hjortevilt påkjørt og daudtHjortevilt påkjørt og daudtDyr2015201620172018201920202021202220232024Elg7961281138104Hjort6438109 587Rådyr15131813162215101516Villrein 1 1 Totalsum28262833344218243327 Hjortevilt påkjørtHjortevilt påkjørtDyr2015201620172018201920202021202220232024Elg23182826183110141810Hjort129121916192141715Rådyr21232620243522142222Villrein 1 1 Totalsum56506765588534435747 FallviltFallvilt2015201620172018201920202021202220232024193325372732333435221412143014211216102022202630212322132819 722 2551355726799627872687464 Sist endret 29.01.2025 12.04