Førehandsstemminga startar i dag! - Skjåk kommune

Førehandsstemminga startar i dag!

I Skjåk kommune kan du førehandstemme ved Stortings- og samtingsval 2025 i servicetorget frå 11. august til 5. september. Servicetorget si opningstid som er frå klokka 09.00-15.00. 

Førehandstemme

Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst frå 11. august til 5. september.  Skal du stemme på valdagen 8. september må du gjere det i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Når valet nærmar seg, finn du adresser og opningstider for alle førehandsstemmestadene i landet på valglokaler.no.

I Skjåk kommune kan du førehandstemme i servicetorget frå 11. august til 5. september i servicetorget si opningstid som er kl 09.00-15.00.

Les også:

Valdirektoratet sender i desse dagane ut eit informasjonsbrev om stortingsvalet til alle veljarar som er busette i Noreg.

Legitimasjon

Hugs: du må ha med legitimasjon når du skal stemme.
Utfyllande informasjon om legitimasjon finn du på Valg.no.